fredag 21. oktober 2011

Livet sine augneblinkar


Å leve eit liv er å fylle dagar, månader og år med små og store hendingar. Alle desse hendingane våre lagrar vi i vårt livs kommode som har tre skuffer.
Det fleste av våre hendingar legg vi i gløymsleskuffa.

Kanskje hender det i stille timar at skuffa opnar seg og bortlagde hendingar ein augneblink dukkar fram frå gløymsledjupet, for så å gli bort att.
På slutten av livet byrja mi svigermor å fortelje om hendingar frå sitt levde liv som ho aldri hadde fortalt om før.
Eg kan vel ikkje sjå bort frå at det same vil hende meg eingong.
For ingenting er gøymt og gløymt for alltid, seier den store boka. Ein gong skal alt fram i lyset att. 
Skummelt.

Andre hendingar vil vi helst gløyme, men vi har sjeldan hellet med oss i det. Dei ligg der, og brått, til dei mest uhøvelege tider dukkar dei opp, sjølv om vi har låst skuffa med store hengelåsar.
Dei er mine utrivlege hendingar som får meg til å raudne innvendig av skam. Eg vil ha dei døde og gravlagde så djupt i si skuffe som det går an, men ”he is dead, but he won´t lie down.”
Som ubedne dukkar dei brått opp, lik gjenferd i mørke netter.

Men der er og deira rake motsetning.
Dei augneblinkane i livet som, om det var råd, vi skulle ynskje aldri vart borte. At dei ville vare og vare, utan ende.
Dei gode augneblinkane, fylte av glede, lys, varme og kjærleik.
Dei hendingane som vi kan ta fram at gong etter gong, pusse på, glede oss over og varme oss i minnet om.
Dei er vår pose av søte drops og konfektbitar.
Dei ligg i ei ulåst skuff i min livs kommode. Halvopen så det er lett å stikke handa ned i og leite dei fram.


Men livet er ikkje til å stanse.
Dag skifter med dag. År legg seg til år. Nye hendingar dukkar opp og glir bak oss, og vi vel skuffe til å lagre dei i.
Alt vert lagra i vårt liv sin kommode.
Eller om eg skal vere litt meir moderne, i si mappe på vår harddisk.
Kva som fekk meg på desse tankane?
Nokre ord i bibelboka om at eingong skal alle våre gjerningar fram i lyset, alle dei vi trudde var gøymde og  helst gløymde, til like med dei godsakene vi har i dropsposen vår,
Og…
Desse bileta av den vesle karen som plukkar opp stein, kastar den på sjøen, og etterpå står vel nøgd medan ringane frå steinen spreier seg i vatnet.


Eller var det steinen som heng der, frosen fast i eit tusendels sekund, på sin veg frå handa mot vatnet og botnen?
Frosne augneblinkar gjennom ei fotolinse av ei triveleg  hending i ein liten guts liv. .

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar