mandag 24. oktober 2011

Isak (1)

Ei lita soge frå ei tid som var. Den tida då prestane hadde lesing med konfirmantane som skulle fram til overhøyring på kyrkjegolvet.
Og presten var ein som hadde omsut for dei unge. Dei skulle sleppe å stå svarlause den store dagen.
Men så var det Ole då. Han var ikkje av dei glupaste. Kunnskapen hadde ikkje så lett for å verte sitjande hjå han.
Presten grubla ei tid på løysinga for Ole før han fann den.
Han kom på at heime hjå Ole stod det tre kyr på bås.
"Du Ole, dere har tre koer i fjøsen hos dere?
"Jau, vi har då det."
"Du vet, der var tre patriaker, Abraham, Isak og Jakob. Når du nu går i fjøsen, så skal du gi koene hvert sitt patriarknavn. Og hver gang du er der, sier du navnene deres høyt."
Jau det skulle Ole gjere. Og smått om senn seig kunnskapen om dei tre patriarkane og namna deira inn.
Så kom den store dagen.
Kyrkjebenkane var fullsette, og i midtgongen stod konfirmantane i sine beste klær, spente på overhøyringa.
Presten går ned mellom dei. Spør sine spørsmål og får klåre svar.
Han vert rett i godlage. Dette teiknar bra.
Så kjem han til Ole.
"Nå Ole. Kan du si meg hvor mange patriarker vi har?"
"Fire."
Litt uroa spør han igjen.
"Hvor mange patriarker var der i Israel, sier du Ole?"
"Fire:"
"Men Ole, var vi ikke enige om et annet tall?"
"Jau, men ho Abraham fekk kalv i gå."

HA, Ha, ha..ha...ha....  Ikkje eit lite smil eingong.  Nei vel, nei ... då so

Sidan eg fekk den nye bibelomsettinga har han flytta inn hos meg, Isak, den andre patriarken. Og då dukka ho og opp den vesle fortellinga eg presenterte over her.
Han kan synest så anonym patriarken Isak, i motsetning til sin far og sin son.
På mange måtar er han lik sin eldre halvbror, den fjerde patriarken, som Ole sa,  ismaelittane sin Ismael. Og i Islam byter dei plass Isak og Ismael.
Så då kjem eg framover til å undre meg litt, nokre gonger, om Isak. Den anonyme patriarken.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar