tirsdag 25. oktober 2011

Isak (2)

Han lagar ikkje mykje styr av seg Isak. Han var ein fredsæl mann som for stilt gjennom livet.
I motsetning til sin far  og son som fekk tildelt nye namn ( Abram vart til Abraham, og Jakob til Israel) så heitte han Isak livet ut.
Det ser og ut til at hans einaste kvinne var Rebekka, kona som far hans henta til han då Isak var 40 år, som han fekk sønene Jakob og Esau med.
Sjølv om han var den av patriarkane som fekk lengst liv, 180 år, så er det lite Bibelen fortel om livet hans.

Det er fødselssoga hans, der det meste handlar om foreldra Abraham og Sara, og Sara sin strid med hans 14 år eldre halvbror si mor. Sara si egyptiske trelkvinne Hagar.
Ei episode fortel om når Isak med si storfamilie bur i filistarlandet, og der det vert strid om brunnane Isak har grave. Og der Isak viser si milde side og søkjer fred, ikkje strid.
Gamal og svaksynt vert han utsett for eit narrespel frå kona og yngste sonen, når Jakob lurer til seg velsigninga som skulle koma Esau til del. Noko som endar med hat og strid mellom brørne.
Men når far deira døyr, står dei to saman om å gravlegga far sin i gravstaden Abraham kjøpte i Hebron.

Der vart han og Rebekka og gravlagde.

Stilt for han gjennom livet. Og stilt er det om han vidare i den jødiske Bibelen (GT). Einaste staden til han dukkar opp, er i Salme 105.9. Der er det vist til at Gud overfor Isak stadfesta den lovnaden han eingong gav far hans, at etterkomarane hans skulle verta talrike som stjernene på himmelen, og Guds velsigning ville vere over han.
I evangelia er han nemnd nokre få gonger, oftast i samband med ættetavlene og med kven Gud er.
Paulus viser tre gonger til han, ut frå lovnaden som Gud gav han.
Og så kjem Hebrearbrevet og Jakobs brev inn på den hendinga som er mest kjend i Isak sitt liv. Den som har skapt så mange problem for teologar og folk med mynde, sjølv i vår tid.
Meir om det seinare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar