Spjelkavik kyrkje i Ålesund er ei oktogon kyrkje, og oppe
under taket i kyrkjeskipet er der ei vindaugsrekkje rundt heile romet.
I 2005 vart Håkon Bleken bedt om å fylle desse 96 vindauga
med glasmåleri, og han valde å bruke Bibelen sine forteljingar, frå skapinga
til nyskapinga.
Så hende det at biskopen i Møre, Odd Bondevik, sette foten
ned for eit av bileta. Det var for sterkt, meinte han.
Det synte ei hand som heldt ein kniv over eit barn, og ei anna hand som
kom ned og rørte ved knivhanda.
Seinare endra han sitt vedtak, og glasmåleriet kom opp også i
det til då tome vindauget.
Leitar eg på verdsveven etter bilete der Isak er motiv, finn
eg nokre få av Isak og Rebekka, nokre få av Isak som velsignar Jakob, og mange
av når Abraham er i ferd med ofre han.
Og dei gir sterke biletinntrykk.
|
Ofringa av Isak - Spjelkavik kyrkje |
Forteljinga vidare er enkel. Gud går inn i Abraham si
handling og stansar kniven. Isak vert løyst, og ein ver som har sett horna sine fast i
kjerret like ved, vert teken til offer i staden. Så kjem Guds røyst
endå eingong inn og velsignar Abraham for hans tru og lydnad.
Etterpå, står det, vende Abraham attende til tenarane sine
og dei drog heim til Beer-Sjeba.
Slik fekk forteljinga ein lukkeleg ende.
Eller gjorde den det?
For kvar vart det av Isak?
Det står ikkje at han fylgde med faren attende.
Ville han ikkje det?
Gjekk han i staden bort, ut i øydemarka, for å tenke igjenom
det faren nær hadde gjort med han?
Eller vart ikkje kniven stogga, og ofringa derfor fullførd?
Hebr.11.19 kan tolkast til at Abraham fullenda sitt ærend på Moriafjellet, sikker
i si tru på at etter ofringa hadde Gud makt til å vekkje opp Isak opp frå
døden
så han fekk sonen igjen.
Det siste får eg ikkje til å samsvare med resten av fortellinga om
Isak.
Både Abraham og Sara lo då dei vart varsla om sonen dei i
høg alder skulle få.
Abraham leid vondt då han måtte sende sin eldste son,
Ismael,
bort.
Korleis kunne han då få år seinare vere villig å ofre Isak?
Protesterte ikkje Sara med både nebb og klør mot Abraham sin
galskap?
Og korleis var tilhøvet mellom
far og son etter hendinga på Moria fjell?
Var det etter den at den milde, fredsame og stillfarande
Isak vart fødd?
Det kan synest som om Isak heldt avstand til faren etter
hendinga. Han bur ikkje lenger i faren si storfamilie, men held seg i øydemarka
i Negev. Og når Rebekka dukkar opp, så fører han henne inn i mora sitt telt,
som han har arva.
Det er med sorg han i høg alder opplever striden mellom dei
to gutane sine.
Men når han døyr, vert han sameint med faren i hans gravstad
i Hebron.
Abraham vert ofte rosa for si tru og tillit til Gud.
Formuleringa Abraham, Isak og Jakobs Gud går ofte att.
Men kva med Isak åleine? Står det noko om hans forhold til
Gud?
Ein stad får vi ei lita aning av at det var ikkje så heilt
enkelt.
Det er sonen, Jakob, som gir eit lite glimt.
Det kjem når svigerfar Laban når han att, etter at Jakob
rømde frå han med heile si familie,
Dei vert samde dei to, og så skal dei ofre ilag. Då er det
ikkje ”Abraham og Isaks Gud” Jakob viser til, men Isak si redsle.
Hendinga hadde sett sine spor hos Isak.
Det står ikkje så mange orda om Isak, men dei som står,
synest eg teiknar eit bilete av ein mann som vart merkt av den sterke
opplevinga han gjekk gjennom i sine ungdoms år.
Isak tyder ”Han lo” og viser til at foreldra lo då dei fekk
bodet om sonen dei skulle få.
Kanskje Isak, gjennom opplevinga, fekk ei rik glede over
livet som han fekk i gåve, då Herren stogga kniven?
Vart han ein mann med eit
lyst sinn, ein som lo?