søndag 10. april 2011

Tolkingar

I bibelgruppa eg er med i, har vi to, til tider tre ulike omsettingar. Då kan ein av og til høyre.: ” Kva var det du las? I min Bibel står det andre ord. Kvifor det? ”

Bibelselskapet si utgåve frå 1875. Med gotiske bokstavar, og framleis på dansk.

Bibelen er skriven på hebraisk og gresk. Det er vel få av oss som er i stand til lese den på dei språka. Derfor har vi trong for å få den på eit mål vi kan skjøna. Men i alle omsettingar frå andre språk, må orda tolkast om inn i vårt språk. Men då får vi og med tolkaren si forståing av ordet – også det som tolkaren ber med seg av aktuelt frå si tid tid, sine tankar, idear og kultur m.m.
Dette får vi tydeleg demonstrert når det gjeld Koranen, som ikkje skal (kan) omsetjast frå gamalarabisk.
Dei som ikkje kan det språket, er avhengig av ein mulla si tolking, og kva mål han har med den.
At det kan føre galt avstad, ser vi i den ekstreme valds-islamismen. Eller i pastor Terry Jones si brenning av Koranen.

St.Hieronimus på sin sokkel utanfor kyrkja i Betlehem.

Når det gjeld vår heilage skrift, Bibelen, så var ein tidleg ute med å omsetje orda til andre språk enn det den opphavleg var skriven på.
Dei første var nokre jødiske skriftlærde i Aleksandria som omsette den hebraiske teksta (GT) til gresk. Det hende omlag 70 år før Kristus.
NT vart tidleg omsett til gamalsyrisk, men omlag 400 år e. Kr. kom omsettinga av både GT og NT til det som i mange århundre vart normen i den vestlege kyrkja. Det var Hieronimus si omsetting til latin. Den såkalla Vulgata. Den er framleis den katolske kyrkja sin Bibel, om enn i revidert utgåve.

Hieroimus si grotte.
Det hende delvis i Rom, og delvis i ei grotte i Betlehem.
Vår Bibel var i mange hundre år grunna på Luther si omsetting til tysk, som igjen vart omsett vidare til dansk. Først for om lag hundre år sidan kom omsettingar frå grunnspråka til norsk.

I slutten av tenåra opplevde eg å verta omvend, som det då vart kalla.
Når eg ser attende på åra fram til eg no er ein eldre mann, er eg nok litt usikker på kva resultat den hendinga hadde på dei lange linjene i mitt liv. Var det eit sporskifte i mitt liv, eller var det ein fornyande impuls i det som alt var der frå barndomen av? Eg meiner nok i dag at det helst var det siste.
Men ei fylgje gav den. Eg fekk ei vedvarande interesse for Bibelens sine ord, kva dei tydde då dei vart skrivne, og korleis vi tolkar dei i dag.
Den gav og som resultat at eg kjøpte meg min eigen Bibel. Ei raud Bibel av 1938-omsettinga.
Raudt fordi den skulle minne meg om soningsblodet, som var så sterkt framme i gudstenestetekstene denne søndagen.
Merkt av års lesing vart den i 1978 bytt ut med den då nye omsettinga.
Som no i ferd med å gå i oppløysing og treng sårt avløysing. Men det med den som med gamle og inngådde kle. Dei er vanskelege å legge vekk i byte med noko nytt og ubrukt.
Men seinare i år skal eg kjøpe meg ein ny Bibel, med den nye omsettinga. Det vert nok den siste for meg.

Attende til spørsmåla frå bibelgruppa.
Ved alle omsettingar er det valt eit tolkingsmønster, og kva tolking som er valt, har mykje å sei for korleis vi forstår Bibelen sine store ”ord”.
Og dei er nokre av. Som; menneskesonen, Guds Son, inkarnasjonen, rettferdiggjering, helging, frelse, dom, fortaping, atterføding, evig liv, nåde, m.m
Når vi no snart får ei ny omsetting av Bibelen, skal det verte spanande å sjå kva ord og uttrykk omsetjarane, tolkarane, har gjort denne gongen.

I 1978 vart det til ei viss grad nytta ei forklarande tolking. Ikkje alle fann seg til rette med det. Resultatet vart ei protestutgåve. Norsk Bibel, som nytta ei meir konservativ tolking.
Sidan kom endå ei protestutgåve som var ei omsetting av den engelsk ”King James Bible” som omsettargruppa rekna som den rette tolkinga.
Eg har og ei utgåve av Jehovas Vitne sin norske Bibel, basert på den amerikanske JV bibelen.
Den har nærast ei ord for ord tolking. Det gir, for vår tid, ei tung og stiv ordføring, men har gitt meg nokre aha-opplevingar.

Kva ord er valde i den komande omsettinga?
Nokre løysingar er vi alt presenterte for, og andre vil nok falle tungt å venje seg til sidan dei gamle vala er godt innarbeidde gjennom lang tids bruk.
Til dømes ”Vår Far” mot det innarbeidde ”Fader Vår”.
Svara er ikkje alltid så enkle og rett fram som ein gjerne vil tru.
Den eine sanne omsettinga er ikkje alltid like lett å peike på. Eg har etter kvart skjøna at der kan vere rom for andre tolkingar enn dei eg ser i dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar