onsdag 20. april 2011

Golgata

Det er den 13.dagen i månaden Nisan. Om kvelden når tre stjerner er synleg på nattehimmelen byrjar påskehøgtida. Den 14. dagen i Nisan.

På Golgata utanfor bymuren i Jerusalem teiknar tre kors seg mot ein himmel der lyset er i ferd med å verte borte, trass i at det endå er timar att av dagen.
I den sjette timen vert det mørkt i heile landet, og det vare heilt fram til den niande timen, fortel Markus, evangelisten.

Då, omkring den niande timen høyrest eit rop frå den eine krossen.
Min Gud, min Gud! Kvifor har du forlate meg!
Endå ein gong ropa Jesus høgt, og så anda han ut og døydde.

Joh.3.16

Dei fire evangelistane har litt ulike detaljar om hendinga der ved krossen.
Hendingar som knyter seg opp mot tempelet og offerhandlingane der.
Johannes fortel at etter at han var død, stakk ein av soldatane eit spyd inn i sida hans, inn i hjartet, slik at blodet hans vart tømd ut over jorda.
Dette samsvarar med at i blodet var det Gudgjevne livet. Og slik offerblodet alltid skulle vende attende til jorda igjen, var soldaten si handling med på å oppfylle det.

Johannes fortel og om noko som hende i tempelet når Jesus døydde.
Ei hending som det er spor av i dei gamle jødiske skriftene.
Inne i det inste av tempelet var der eit lite rom der paktarka ein gong stod. Den forsvann då babylonarane øydela tempelet mange hundre år før dette. Dette romet var kalla det høgheilage, og var skilt frå resten av tempelet med tjukt, vove, forheng som gjekk frå golv til tak. No var det høgheilage eit tomt rom. Der var berre ein liten plattform der paktarka skulle ha stått.

Det var berre øvstepresten som hadde lov å gå inn der, og det hende berre ein gong i året. På Yom Kippur, den store forsoningsdagen. Då gjekk han inn med offerblodet og påkalla den heilage Gud sitt namn.
Eit namn som til andre tider var for heilagt til å uttale, og som ingen i dag veit korleis det vart uttalt. Uttalen forsvann då romarane reiv tempelet og offertenesta tok slutt.

Johannes fortel at då Jesus anda ut på krossen med orda ”Det er fullført”, då rivna det store forhenget utanfor det høgheilage i to, ovanfrå og ned. Som om to sterke hender tok tak øvst oppe og reiv det i to.
Det var ikkje lenger trong for nokon øvsteprest som eingong i året bar offerblodet inn for Gud i det høgheilage. Vegen var opna for alle, direkte inn til Gud.


I dei korte timane frå lyset vende attende over Jerusalem til kvelden seig på, hadde Jesus sine vener det travelt.
Dei måtte få løyve til å ta han ned av krossen og gravlegge han før dei tre stjernene synte seg på kveldshimmelen og sabbaten byrja.
Og medan kveldshimmel raudna av lyset frå den dalande sola, og skumringa senka seg over byen, vart den døde sveipt inn i eit linklede, med ein sveitteduk over andlet, og lagt inn i ei tom grav i hagen like ved Golgata..
Så vart ein stein rulla for opninga.
Overprestane sørga for at romarane forsegla grava.
Og for at ingen skulle kome og røve den døde, sette dei soldatar til å vakte den.
Så høyrest lyden av shofaren, bukkehornet, inne frå tempelmuren, lyden som varsla at no byrja påskehøgtida..

Då kviler den døde sin lekam alt i grava. Men der er ein lite notis i det nye testament om at sjela hans var ikkje der. Den er der dei døde er i forvaring, i dødsriket.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar