tirsdag 19. april 2011

Dyrt kjøpt, prisen betalt.


Når eg sit i Ørsta kyrkje og ser mot det gamle alterskåpet, ser eg i hovudmotivet tre personar. Den krossfeste, mor hans Maria og Johannes, ”den læresveinen han hadde kjær”.
Men der er og fire englar, og dei held fram kvart sitt staup mot den krossfeste.
I staupa samlar dei opp blodet som kjem frå såra hans.

I dei gamle bibelske tekstene er blodet heilagt, for i blodet var livet tilstades, og livet var gitt av Gud og høyrde Gud til.
Derfor var det forbode å ete eller drikke blod. Det var og forbode å ”utøse” blod, ta liv, utan Guds godkjenning. Det var berre Gud som hadde den retten.
Ved ofringane i tabernakelet, og seinare i tempelet, vart liv teke med denne godkjenninga.
Offeret kunne vere ein fugl eller eit lytelaust lam eller kalv.
Dei kunne dei ete kjøtet, men blodet høyrde Gud til. Det vart alltid stroke over hjørnehorna på offeralteret, skvetta på alteret eller slått ut på jorda.
Grødeoffer hadde ikkje dei restriksjonane.

I langfredag sin bodskap er blodet sentralt, sjølv om det ikkje vert billedleggjort så bokstaveleg og dramatisk som i Mel Gibson sin film ”The Passion”.
I dei nytestamentlege skriftene er termen ”Kristi blod” brukt tre gonger så ofte som ”Kristi kross”, og fem gonger så ofte som ”Kristi død”.
Eg er ikkje sikker på at det er tilfelle i vår tids forkynning, Eg har ei kjensle av at vi er noko blyge overfor å bruke ”blodet” der. Fokuset vert nok heller retta andre vegar.
Det er nok tidsånda som har endra oss, for når eg hugsar attende til min barndom og ungdom så var blodet mykje meir tilstades. Både i song og forkynning.

Men sjølv om vi har vorte blyge overfor å bruke det, så kjem vi ikkje forbi det sentrale innhaldet som Hans blod representerar for oss.
Dette er dette blodet, Hans blod, som gjer at Hans liding og død skil seg ut frå alle andre si liding og død.
Derfor kan Paulus skrive; ”De er dyrt kjøpte, prisen er betalt”.


Eg såg noko djupt symbolsk då eg for mange år sidan såg Rabin sitt songark med teksta til ”Ein song om fred”, farga raudt av blodet hans.
Det var det Jesus gjorde langfredag. Han kjøpte oss fred med sitt eige blod.
Hebrearbrevet seier:
”Ikkje med blod av bukkar og kalvar, men med sitt eige blod gjekk han inn i heilagdomen ein gong for alle. Og slik vann han ei evig utløysing.…….Kristus bar seg sjølv fram som eit lytelaust offer.…….Og med eit einaste offer har han gjort dei som vert helga fullkomne.”

Derfor trassar eg tidsånda og syng med Fredrik Wisløff:
”Gud være lovet, min sjel er frelst i kraft av blodet, ja blodet! Nu kan du byde meg hva som helst. Jeg velger blodet. Min sorte drakt er blitt snehvit skrud, og jeg står hellig og ren for Gud. I kraft av blodet, ja blodet.”

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar