lørdag 16. april 2011

Eit songark

Eg er i gang med å digitalisere mine gamle lysbilete.
Eit tidkrevandre arbeid. Men gjennom det, dukkar det og fram nokre bilete frå
halvvegs gløymde minne.
Som desse.

Den var kjend som "Oslo-prosessen", forhandlingane som førde fram til ei avtale i Washington, og eit handtrykk mellom ein litt tilbakehalden Yitzhak Rabin og Yasser Arafat, medan Bill Clinton stod smilande, med utbreidde utbreidde armar, bak dei.Det hende 13.september 1993.
Eg var i Israel noko før, og opplevde den optimistiske stemninga som rådde mellom palestinarane i Jerusalem, på grunn av desse fredsforhandlingane.
Men det skulle ikkje vare.


Torget i TelAviv. Ein kan sjå bileta av Rabin på hjørneveggen, litt inne i skuggen.
4. november 1995 var der tillyst eit torgmøte i TelAviv, til støtte for fredsarbeidet.
Over 100 000 var samla der, og mellom dei som stod på podiet var Rabin.
Til avslutting song dei ein populær hit, ein "Song of peace".
Så er det slutt.
Rabin brettar saman songarket. Stikk det ned i innerlomma og går mot bilen som ventar han.
Undervegs er det ein i folket rundt som lyfter handa si. I den held han ein pistol.
Det høyrest tre skot. To av dei råkar Rabin i brystet og han fell saman.
Rabin døyr seinare på sjukehuset.


I jakka hans finn dei seinare arket med songen om fred.
Merkt av Rabin sitt blod.

Rabin si grav.

Rabin vart gravlagd på æresgravstaden utanfor Jerusalem.
Etter denne hendinga var det andre krefter som vann fram på begge sider i konflikta.
I røynda gravla skota den freden som Oslo-avtalen prøvde å skape.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar