søndag 24. april 2011

Påskemorgen

Påskemorgen slukker sorgen,
slukker sorgen til evig tid;
den har oss givet lyset og livet,
lyset og livet i dagning blid.
Påskemorgen slukker sorgen,
slukker sorgen til evig tid.


Den jødiske påskefesten varer ei veke, og er ein minnefest om då Moses førde folket ut frå Egypt, langt, langt, attende i tida.
Men den opnar med tre høgtidsdagar, tre sabbatsdagar.
Den første dagen er til minne om at guds engel gjekk gjennom Egypt.
Men dei husa som hadde blod på dørstolpane, dei gjekk han forbi.
Påske tyder å gå forbi.
Den andre dagen er festen for det usyrde brødet. Til minne om brødet dei måtte bake i all hast, utan bruk av surdeig.
Den tredje dagen er førstegrødefesten, som opnar for at året sin bygghaust kan byrje.
Den er nok ei leivning frå ein gamal grødefest.
Så er sabbaten til ende, og den første dagen i veka kjem.

For å markere starten av bygghausten, gjekk prestane tidleg om morgonen den første dagen i veka, ut i den øvre delen av Kedrondalen der det var ein byggåker. Og i det sola rann skar dei eit kornband som dei tok attende til tempelet for å svinge det for Herren, og ofre det på alteret.


Det hende og den første dagen i veka i Jerusalem i det sola rann.
Samstundes på andre sida av byen, utanfor muren, i gravhagen, slitna Pilatus si forsegling av grava, og steinen som stengde den, rulla til sides og ut kom han som for nokre tre dagar sidan vart teken ned av krossen og langt inn i den.

Nokre av kvinnene i fylgjet hans som kjem dit i solrenninga for å salva hans døde lekam, finn grava tom og ein ung mann i kvite klede som fortel at han er ikkje her. Han har stått opp.
Seinare fekk både dei, og dei andre venene hans møte han, ta på han og snakke med han.
Då trudde dei først at han var eit spøkelse. Men så dei fekk sjå at om han var den same, så var han likevel ein underleg måte annleis. Han kunne gå gjennom stengde dører.
Lekamen hans var herleggjort. Den hadde vorte omskapt til ein ”etter døden” lekam som ikkje var stengd inne av våre liv sine grenser.

Det som hende med Jesus i påska, og særleg påskemorgonen er vanskeleg for det rasjonelle mennesket å fatte, og å tru.
Uteljande er dei til alle tider, forsøk på å bortforklare det evangelia fortel hende.


Når Paulus skriv brevet til korintarane få år etter at det hende, er dette noko av det han tek opp.
Han skriv:
”Når det vert forkynt at Kristus har stått opp frå dei døde, korleis kan då somme av dykk sei at døde ikkje står opp? For står ikkje dei døde opp, så har heller ikkje Kristus stått opp. Man har ikkje Kristus stått opp, er bodskapen vår gagnlaus og trua dykkar gagnlaus… Men no er Kristus oppstaden frå dei døde, han er førstegrøda av dei avsovna.”

Så er heile kristentrua sin krumtapp det som hende i soloppgangen, den første dagen i veka, ein påskemorgon i Jerusalem.
Då Jesus steig levande ut av grava sitt mørke. Ut i den sollyse dagen, som førstegrøda av dei døde.

Han var død, men sjå han lever. Og vi skal leve ved han.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar