onsdag 13. april 2011

På veg mot byen


Sola i ferd med å rulle opp over fjella i Moab då dei forlet Betania denne morgonen.
Langt der i aust låg fjella blå og utan konturar under den stigande sola.
Nedanfor Betania fell øydemarka ned mot den djupe dalen der den store elva renn ned mot Saltsjøen. Dei kunne sjå vegen bukte seg fram mellom dei lave åsane under dei.
Øydemarka hadde eit bleikt grønskjer no desse vårdagane.


I går kom dei oppover frå dalen der nede.
Opp mellom øydemarka sine sand og steinåsar. Då såg dei Betania ligge framfor dei, oppe på fjelltoppen.

I dag står siste stykket att.
Over åsen fram til staden der utsynet opnar seg over byen, og huset der Herren har bustad sin mellom sitt folk .
I Betfage lenger borte på åsen, finn dei ein eselfole som dei låner, og han set seg opp på ryggen av det.

Så er dei framme på åskanten.
På andre sida av dalen under dei, ligg byen.


Det er kong Herodes sitt store byggverk som ruvar mest der borte, med den mektige muren som held oppe den store plassen. Salomos bogegangar stengjer litt for innsynet til plassen, men lenger borte reiser tempelet seg, innanfor dei inngjerda forgardane.
Opp trappene til portane i muren ned mot dalen, er det tett av menneske på vandring mot tempelet. Innanfor portane fører nokre tunellar dei vidare opp til plassen,
Utanfor tempelmuren, i vest og sør, ligg Davidsbyen, Sions stad, omkransa av bymuren med sine portar og tårn.

Dei let augene fange inn synet av byen og tempelet der det ligg bada i den klåre morgonsola.
Borte på plassen, over den mektige muren, ligg tempelet stort og mektig. No i morgonsola blenkjer det i dei gullkledde veggane, og frå offeralteret stig alt røyken som ei grå søyle opp mot den blå himmelen.
Dei høyrer omen frå byen opp hit til åskanten der dei står. Det nærmar seg påskehøgtida og byen er full av pilegrimar som er komne hit frå heile det romerske riket, og frå land der den romerske keisaren si makt ikkje når.

Brått vert det uro i folket på veg mot byen.
Nokon har sett kven han er, han som sit på eselfolen, og orda går som eld i turt gras.
”Det er han som vekte den døde Lasarus til live att.”
Ei røyst bryt ut i ein lovsong, og andre fell straks inn.
”Lova vere han som kjem i Herrens namn....”
Og medan songen bylgjer fram langs vegen, byrjar nokre å legge kappene sin på vegen framfor eselfolen, medan andre bryt greiner av trea for å hylle han.
Mennene som fylgjer han vert rivne med av folket si hylling.
Men dei som går nærast han, ser med eit – undrande - at han, midt i folket si opphissa hylling, gret. Tunge tårer renn på kinna hans og ned skjegget. Undrande spør dei; Gret du herre? Då høyrer dei ei lav og gråtkvalt røyst; ”Jerusalem, hadde du berre kjent di vitjingstid. Men no er det for seint. No er det gøymt for deg.”


Lia fell bratt ned framfor dei.
Vegen svingar seg mellom dei sølvfarga lauvtrea som seinare på året skal bere sin rike haust av oljefrukter, oliven.
Ute av hagen, kryssar vegen bekken som kjem frå tempelplassen. Bekken som fører bort vatnet frå dei talrike reinsingsbada, og frå slukane oppe ved tempelet. Slukane som tek imot avfallet frå dei tallause, daglege, ofringane der oppe, og fører det i gøymde kanalar fram til bekken ned i dalen, som så tek det vidare ned mot øydemarka ved Saltsjøen.


Så ligg bymuren framfor dei.
Dei går gjennom porten og inn i Davidsbyen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar