mandag 18. april 2011

Offer.

Alle trusretningar har eit eller anna formål som dei truande må gjere for å kome gud/gudane i møte. For at dei igjen skal sjå med godhug på den som vender seg til dei.
Bøner, pilgrimsferder og ulike slags varer er av dei milde offera.
Dei som granskar menneska si soge, anten det er i skrifter, eller gjennom å grave i jorda, finn alvorlegare døme på slike forsøk på å tilfredstille ein gud. Somme av dei er etter vår noverande oppfatning, rett grusomme. Menneskeoffer er ikkje ukjendt .
Også vår soge fortel om slike offer. Blodoffer, bloting i gudehovet.


Eg har vandra i Hinnoms dal, GeHennom. På gresk bar den namnet Gehenna.
I dag ein vakker, grøn og fredeleg liten dal vest om Jerusalem sine bymurar. Men dalen sitt namn gav opphav til vårt ord helvete.
Der, fortel Bibelen, let nokre av Judeas kongar born gå gjennom elden. Med andre ord vart dei ofra som brennoffer til den kananeiske guden Moloch.


For nokre år sidan var der i samband med Håkon Blekens si utsmykkinga av Spjelkavik kyrkje, ein strid om eit av dei av bileta i den lange frisa av glasmåleri.
Striden stod om eit bilete av Abraham si ofring av sonen Isak. Biletet viser ein kniv i ei lyfta hand, og ei anna hand som stoggar handa med kniven.
Etter Abraham i tid var det forbode med menneskeoffer innan den jødiske trua. Men Hinnoms dal fortel at menneska trass i dette forbodet, let andre gudar forføre seg til slike offer. Det var ikkje nok med alle dyreoffera inne på tempelplassen litt lenger aust.


Då eg vart fødd, gjekk eit av verda sine største menneskeoffer føre seg, der millionar av menneske vart ofra. Mange vart skotne, medan andre leid døden som brennoffer.
Holocaust er det kalla, eller som det heiter på hebraisk - Shoah.
Her var det ingen gud som kravde offeret, men galskapen hadde sitt opphav i politiske idear hos ein mann.
Å gå gjennom minnesenteret Yad Vashem ved Jerusalem er ei av dei sterkaste opplevingane eg har vore igjennom.
Yad Vashem kjem frå Jesaja 56,5 der Gud seier at han vil gi dei eit ”minnesmerke og namn i mitt hus og innan mine murar. Eg gir dei det som betre er enn søner og døtre: eit evig namn som aldri skal rydjast ut”.

Korleis skal vi forstå det blodofferet som skjedde på Golgata for snart totusen år sidan?
Det som vi kvart år minnast i påska sin langfredag.
Det var Pontius Pilatus og overprestane som sette justismordet i verk.
Men kva ligg i orda til den krossfesta når han seier; ”Ingen tek livet mitt. Eg gjev det frivillig”?
Kan vi forstå det utan å søkje inn i den verda som er usynleg for våre auge? Guds verd.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar