søndag 17. april 2011

Påske

God Påske vert det helsa desse dagane.
Eg er så konservativ at sjølv om vi no er ved inngangen til dei dagane som er kalla ”den stille veka”, så byrjar ikkje påska for meg før helgedagane er der.

Sidan eg syng i kyrkjekoret vårt, så vert det tre gudstenester saman med koret på meg.
Skjærtorsdag, påskenatt og 1.påskedag.
I tillegg er eg denne gongen beden om å vere mellom dei som les lidingssoga under gudstenesta langfredag.
Derfor inga hyttepåske med skigåing dette året heller.
Det høver meg i grunnen godt, for påske og kyrkjegong har eg litt vanskar med å skilje åt – og velje vekk.
Kanskje det har noko med alderen å gjer?


Kvar gong eg er i kyrkja vår her i bygda, så er det dette alterskåpet eg ser når eg vender augo mot koret.
Med opne dører er det langfredagsdramaet som syner.

Eg er ikkje heilt fortruleg med kvar dei ortodokse kyrkjene legg hovudfokuset i påskebodskapen.
Men i kyrkjene som har si rot i romakyrkja har, trass i 1.påskedag sin lyse bodskap, tyngda av si forkynning på Jesus si liding og død.
Det er den bodskapen som alterskapet viser, som har hovudfokuset.

Men korleis tolkar vi den?
Sjølv Paulus har fleire ulike tolkingsmåtar for det som hende den mørke dagen.
Var det ein kamp som enda med siger over det vonde?
Var det eit offer, det endeleg og siste?
Eller var det ei forsoningshandling frå Guds side?
Eller kanskje det var ei forløysing, ei frikjøpshandling av ei fallen menneskeætt?
Kanskje dei er der alle.
Det spørst berre kva for eit dør vi opnar inn til det som hende i Jerusalem og på Golgata.
Men dette, så langt eg skjønar, hende i den verda som er gøymd for våre auge. Krossfesting var det tusenvis som måtte lide, men Jesus si krosfesting vert eineståande i lyset frå Guds verd og Guds Ord.
Det er i dette lyset eg kan sei; Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne son, min Herre - og - min frelsar.

Om eg ikkje helsar God Påske alt i dag, så helsar eg deg som er innom her; God Helg!

PS: Ein av mine lesarar har gjort meg merksam på at kyrkjekoret ikkje skal synge under gudstenesta 1.påskedag. Men, eg vil nok vere i kyrkja likevel. DS

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar