tirsdag 7. juli 2009

Vandring i Valdres 2006

Dei siste åra eg var i fast stilling, gjekk eg med ein draum om å gå pilegrim. Rett nok hadde eg ein tvil i meg om eg ville klare ei langvandring. Det gjorde at eg i 2005 fekk med meg min eldste bror på å gå Den gamle kongevegen frå Kyrkjestølen på Filefjell og over fjellet mot vest, og så vidare ned gjennom Lærdal til fjorden.


Starten var fin, men eg fekk snart merke at dette kom til å verte ei tung vandring.
Og då vi andre dagen kom til vegkrysset der vegen tek av gjennom fjellet til Aurland, gav eg opp. Dei siste kilometerane ned til Lærdal tok vi buss. Eg var heilt utsliten, og var glad eg slapp å sitje ved rattet i bilen heim til Sunnmøre.
Lærdom: for lite egna sko til å gå mykje på asfalt, for tung sekk og for lange dagsetappar.

Likevel. Eg ville prøve igjen.
Etter jul såg eg omtale av ei opningsvandring for pilegrimsvegen gjennom Valdres. Frå Hedalen stavkyrkje og til St. Thomas-kyrkja på Filefjell.
Den hadde eg lyst å vere med på og sende mi påmelding til turen.


Jonsokaftan, 23.juni 2006 var eg på Fagernes. Der møtte eg nokre andre av pilegrimane. Mellom dei var og Jahn Børe Jahnsen som skulle vere vandringsleiar. Turen gjekk vidare ned til Nes, og så opp Hedalen til Ildjarntunet.
Morgonen etter var det pilegrimsmesse i stavkyrkja, før dei omlag 40 pilegrimane tok fatt på den vel 18 mil lange vandringa gjennom Valdres.


Vandringa desse 8 dagane vart for meg ei flott oppleving. Den starta med å krysse
skogen frå Hedalen kyrkje og over til Reinli stavkyrkje. Første natta var vi på ei seter; "Smøholet". Det vart ei kald natt, men sidan fekk vi varme dagar og netter. Til tider nesten for varmt. Regn hadde vi berre nokre få dråpar av andre dagen, elles var det sol og atter sol.


Gruppa var leia av Jahn Børe Jahnsen, og han auste ut til oss av sin store kunnskap om bygdene vi gjekk gjennom, og om alle kyrkjene vi var innom. Sidan det var mange i gruppa som var frå , eller hadde tilknyting til Valdres, var det mange som også kom med sine fortellingar. Alt dette gjorde vandringa for meg til ei stor oppleving, og den opna augo mine for dalen sin rike kultur. Både av gamal og ny årgang.


Pilegrimsprest var soknepresten i Vestre Slidre, Tordis Ødegård.
Her deler ho raust ut ein klem til ein av "englane" vi møtte under vandringa.
Ho hadde ein fin måte å dele med gruppa av den åndelege straumen som i si tid kom til dalen frå vest. Frå den gamle, men nyoppdaga keltiske kulturen som på mange måtar gir vår tid nye impulsar.

Når ein køyrer bil gjennom dalen, tek det ikkje mange timane, og inntrykka rasar forbi. Annleis er det å gå dei same mila. Kjenne vegen og stien under føtene. Sjå blomane langs vegen, og kjenne dufta av skog og eng.
Og noko ein ikkje får med når ein køyrer bilvegen nede i dalen, er dei mange biletvakre utsyna over dal og fjell ein får når ein vandrar høgre oppe i lia.


Heile vegen frå Hedalen til Filefjell var det ein liten kvit blomst som var med oss. Det var den kvite skogstjerna. For med vart derfor vegen i mitt sinn til
"Stjernevegen gjennom Valdres."
Og langs stjernevegen var der mange englar som møtte oss. Dei stod der og baud oss kaldt vatn og saft i varmen, og med kaker og anna bakels til.


Siste vandringsdagen, frå Øye, opp Rødalen og over fjellet til Filefjell, bar vi med oss prosesjonsskrinet som i dag står i St. Tomas-kyrkja. Vel nede ved Kyrkjestølen gjekk vi med skrinet fremst, i prosesjon opp til kyrkja og inn i den medan kyrkjeklokka tona ut over stølen.

Søndag var det gudsteneste i kyrkja, og vi som enno var der av gruppa, var med i prosesjonen inn i den lyse og opne kyrkja.
Seinare på dagen var det tid for å ta farvel med alle dei eg hadde vandra saman med desse varme solfyllte dagane.

Vandringa var over, eg var framme. Føtene bar meg og ryggen heldt.
Og -- desse dagane gav meg auka lyst til meir vandring langs ukjende vegar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar