torsdag 9. juli 2009

Valdres 03.juli 2009

Atter ein morgon med sol frå klår himmel.
Så er vi klar for ein ny dag.


Og no er Hugakollen som vi vandra mot i heile går, rett i syd for oss.

I dag går vandringa frå Hensåsen og ned til Vangsmjøsa,
og vidare langs den mot vest til Øye.

Men først. Morgonbøn i Hensåsen kyrkje.
Dvs. Før morgonbøna fekk vi soga om kyrkja.
Det var Vang på andre sida av Vangsmjøsa som var kyrkjestad, og å kome dit før moderne vegar si tid var ikkje enkelt. Derfor levde draumen om eiga kyrkje og kyrkjegard.
Så skulle Vang stavkyrkje rivast i 1840 til fordel for ei ny og større kyrkje.
Ein av bøndene arbeidde hardt for å få kjøpe og flytte stavkyrkja til Hensås, men...
Stavkyrkja hamna i Swartswald i Tyskland i staden.
I dag står ho grunna grenseflyttingar i Polen.

Kyrkje på Hensåsen vart det først i 1902. Og då med god hjelp av utflytta bygdefolk i USA.
Det særeigne med kyrkja er at ho er dekorert med sjablongmåling, og har eit amerikansk kyrkjepreg.


Etter morgonbøna måtte vi ta farvel med endå ei av pilegrimsflokken, så no er vi nede i 11 stykker.
Det var Ingun med det glade smilet som valde å forlate oss.

Det er vemodig når ein står i ringen av medvandrarar som ein har gått saman med, ete saman med, prata med og med det lært å kjenne, og så skal ei forlate gruppa, bli borte.

Så står vi der i ring, held kvarandre i hendene og syng songen:
"Må din veg gå deg i møte
og må vinden være din venn
og må solen varme ditt kinn
og må regnet vanne mildt din jord
Inntil vi sees igjen, må Gud holde deg i sin hånd!"


Ein armerikafarar som heim att, tok med ein ny attraksjon til Valdres. Valdresrosa som kom opp i mønet på mange uthus. Mange av dei eldste rosene er borte, men tradisjon vert helden ved like også i våre dagar.


Etter litt ned og opp bar det nedover mot Leirhol.
Der tok Jahn Børe pilegrimane mmed ned til ein gamal gravhaug. Der gjekk mange av dei under jorda. Ned i eit inntakt gravkammer.


Også mi Bodil gjekk i haug.

Sjølv fekk eg meg ein triveleg prat på vegkanten med Bjørn.
Sør for oss ligg vatnet og blenkjer i sola, men på andre sida av vegen reiser fjellet seg bratt opp over oss med kvite fossar i floget.
Eg kjenner meg heimkomen til vestlandet.

Nede ved Vangsmjøsa , rett overfor Vang, er der ein fin rasteplass med tilhøyrande
sandstrand.
Og der venta det ei, nei to, overraskingar på oss.


Ein "engel" hadde rigga seg til med oppslegen solparasoll, og venta på oss med kald brus og saft, - og heimelaga kringle. Ho hadde vore med under vandringa sist året og ynskte å overraske oss.
Og så kom det endå ein "engel" med kald saft og muffins.
Det står ikkje på å vere pilegrim i Valdres!

Vang er Eli prest sin heimstad, for ho er ikkje berre pilegrimsprest og prostiprest i Valdres. Ho er og kona til presten i Vang. No fekk vi, på litt avstand, sjå kvar heimen hennar var. Ho har fylgt oss med bilen desse dagane og sørga for god og kald drikke til oss, utanom å vere vår åndelege vegleiar under vandringa.

Med vatnet så nær, var det fleire som nytta høvet til litt kroppsleg avkjøling.

Og så litt gamalt drama.


Ved enden av rasteplassen står der 4 steinar i graset. Dei er reiste over 4 menn frå Søndrol på andre sida vatnet som prøvde seg på fiske i annan manns fiskerett. Så vart dei overraska i fisket sitt av Tor på Hamre som hadde retten. Det byrja med ord og enda med kniv. Dei 4 frå Søndrol kom ikkje derifrå i live. Men også Tor hadde fått sitt. Med innvollane samla opp i skjorta snubla han heimover, men så seig også han saman. Eit stykke lenger framme står steinen hans Tor, midt i enga.

Nokre km leger framme kløyver Sandsdalen fjella mot nord. Der elva frå dalen fossar ut for berget på Vennis ligg fleire kvernhus. Her er det vakkert og fredfullt, og det smakar godt med ein rast på berga mellom den fossande elva og kvernhusa.


Lenger framme går vegen gjennom steinen Kløvningadn og ut i Kviturda. Det er ikkje noko problem å gå gjennom steinen no, men tidlegare, før det vart sprengd bilveg igjennom, var sprekka så smal at ein mann kunne koma igjennom, men ikkje ei ku.


Øye der framme er komen nærare, og vi ser nyekyrkja ligge kvit under den kvite fossen i elva ned frå Rødalen. Dit opp går vegen i morgon.


Og mot aust ligg ei flott fjellrekke.


Så går vi over brua og bort over sletta til Øye. Der ser vi stavkyrkja ligge lita, brun og unnselig på bakken ved bilvegen.

Øye gamle stavkyrkje har ei særeigen soge.
Den vart teken ned då folket i Øye bygde nyekyrkja i 1747.
Så var ho borte heilt til ein i 1930 åra skulle reparere muren i nyekyrkja.
Og under golvet fann dei 156 sentrale deler av den gamle kyrkja.
Etter ein del diskusjon valde ein å reise kyrkja igjen. Ikkje på sin gamle plass nede ved Vangsmjøsa, men oppe på bakken ved ferdavegen.


Det er eiga atmosfære i å stige inn i denne gamle kyrkja.
Ho er vel det næraste ein kan kome kyrkjene slik dei var i gamal, katolsk tid, før det kom preikestol og benkar inn i dei.
Her er det berre benker langs veggane, og ho er mørk, men frå koret fell lyset ut i kyrkjeromet.
Enkelt, vakkert, eit rom for stillheit og meditasjon.


Vi hadde ei enkel gudsteneste i dette romet. Det var ei sælebot for sinnet å sitje der etter vandringa i den solvarme dagen.

Det er Sørre Hemsing som har ordna med den gode maten siste dagane, og i dag, den siste med felles middag, vart det reinsdyrsteik med mykje gode grønsaker attåt. Herleg godt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar