mandag 20. juli 2009

Gi og få

Gudsteneste med nattverd i Ulstein kyrkje.
Eg er vikar for soknepresten.
7. søndag i treeinigstida og tekstene er, 5.Mos 30, 11-15. Gal 5, 22-26 og med pr.tekst frå Bergpreika; Matt 5, 20-26.
Vel heime att held tekstene fram å leve i meg.














"Det seier eg dykk; er ikkje dykkar rettferd mykje større enn rettferda til…… så kjem de aldri til himmelriket !!"
Obs!
Dette var det ingen spøk å lese.
Får eg desse harde orda frå Jesus til å stemme med det bilde av Gud som vi så ofte får presentert?
Bildet av den snille, kvitskjegga bestefaren der oppe som seier;
Det er Ok, det er ikkje så farleg
Det går nok bra… til slutt. Berre du gjer så godt du kan, så….
Det seier eg dykk! Er ikkje rettferda dykkar mykje større enn…
Så….
Eg kjenner at der er tekster, som denne…. som ikkje behagar mitt sjølvbilete.

Eg er igang med ei bok av Miroslav Volf, teolog i USA, men opphaveleg frå det tidlegare Jugoslavia, og med sine personlige erfaringa frå borgarkrigen mellom serberar, kroatar og muslimar.
Den har undertittelen: Om å gi og tilgi i ein kultur, strippa for nåde.
Free of Charge heiter den. Det kan vel omsettast med: Fri frå krav.

Fri frå krav? Går det i hop med Jesus sine ord over her?
Eller ord som vi høyrer forkynt om at Gud krev ingenting av oss, utan det eine at vi tek imot og trur?
Er ikkje rettferda dykkar større enn….?

Moses står framfor folket ein av dei siste dagane sine med ord frå Gud til dei:
"Sjå i dag har eg lagt fram for dykk livet og det gode og døden og det vonde."
Vi kunne stogga der, men les vi vidare så står litt meir.
"Velg då livet…"
Så snakka både Jesus og Moses om valg … om å velge. Og om konsekvensar av våre valg.

Men Gud gir då.
Det er høyrer då til Gud vesen, Guds eigenart å gi.
Det vert då forkynt gong etter gong at Gud stille ingen krav, han berre gir.
Gud giver och giver och giver igjen, heiter det i ein song.

Ja, Gud gir.
Gud gir mykje meir enn vi kan fatte.
Gud gir oss alt..
"For det er i Han vi lever, rører oss og er til." seier Paulus.
Livet er ei Guds gåve. Pusten. Livpusten vår kjem frå Gud og er i Gud.
Ingenting er utanom Gud.
Alt er gitt oss av Han.
Og ikkje noko kan vi gi attende til Han.
Han treng ikkje våre gåver han som har alt.
Han som Er alt.

Ei gåve frå ein ven kan vi takke for med ei gjengåve. Ikkje slik med Guds gåver.
Dei er frie, gratis. Vi kan ikkje kjøpe dei med gull eller sylv eller gode gjerningar. Då er dei ikkje gåver lenger.
Og Gud har heller ikkje bruk for våre gjengåver, for alt er frå han og av han.

Og likevel
Guds gåver dei forpliktar oss som får dei.
Forpliktar. Det høyrest då ut som krav. Som eit du skal eller du må.
Men nei, forpliktinga er ikkje noko krav frå Gud.
Gud gir sine gåver utan å feste noko krav til dei.
Dei er frie, gratis

Det er gåvene vi får som forpliktar oss.
For gåvene er slik at dei skal ikkje stanse hos mottakaren. Dei skal flyte vidare.
Vi veit kva som skjer i ei tjønn der vatnet berre renn inn , der tjønna ikkje har noko utløp. Tjønna vert eit etter kvart eit lite dødehav.
Slik vert det også dersom vi berre tek imot og ikkje let gåvene flyte vidare.
Då stilnar det etterkvart hos oss.
For å illustrere det med eit par bilete frå litteraturen.

Knut Hauge fortel i boka "Ein roman og kjærleiken og døden", om ein av desse på kreftavdelinga. Ein forstandar som preikar nåde og omvending til dei andre på romet, men som sjølv ikkje klarer å tilgi. Han er låst i det som ein gong såra han, og orda hans om nåde fell døde til jorda.

L.C.Douglas fortel om ein ung mann som vert berga frå drukning av ein lege. Møtet med denne legen gjer at han sjølv vel å verte lege, og hans redningmann stør han økonomisk under studietida. Ferdig utdanna kjem han og vil betale attende støtta han har fått. Men svaret han får, er eit litt kryptisk nei: Eg har alt brukt det opp, men du kan få gi det vidare.

Miroslav Volf nemner fire forpliktingar som fylgjer Guds gåver:
Trua på Gud som gir.
Takknemligheit for gåvene vi får.
Tilgjengeligheit for velsigninga i gåvene. og
Deltaking i å gi dei vidare.
Og då ikkje som ei plikt overfor Gud,
men heller slik vi finn det uttrykt i Frans av Asissi si bøn:
Gud gjer meg til ein reidskap for din fred.

Og det er dette Jesus snakkar om i teksta som mitt ego oppfattar så hardt.
Det handlar om å rydde opp i mitt liv, rydde veg, så Guds gåver kan få flyte fritt i meg og gjennom meg.

Guds gåve forpliktar oss til å velge veg.
Til å leve i Guds kjærleik med våre liv
Til å leve ut Guds kjærleik med våre liv.
Leve den ut til våre systre og brør i livet.

Til slutt samlar alt seg i dette vesle, innhaldrike , men også utfordrande ordet .. kjærleik.
Der er det Gud forpliktar oss til å leve i, til å vere i, og til å gi: - kjærleik.
"Ver i min kjærleik", sa Jesus til læresveinane.
"Vert de verande i meg, og vert orda mine verande i dykk, så vert Far min herleggjort ved at de ber frukt". Kjærleikens frukt.
"Held de boda mine, er de i min kjærleik, liksom eg har halde boda åt Far min og er i hans kjærleik.
Som Far har elska meg, har eg elska dykk.
Og det er bodet mitt. De skal elska kvarandre som eg har elska dykk.
Ver i min kjærleik."

Paulus skreiv til kyrkjelyden i Galatia:
Andens frukt er; og så reknar han opp fruktene; glede, fred, tolmod ., og så vidare.
Andens frukter, kjærleikens frukter.
Så heldt han fram at dersom vi lever i Anden, så lat oss og vandre i Anden.

Men så leve vi her, midt i vår tid med våre utfordringa. Og vi veit, og vi erfarer kvar dag, at det er ikkje alltid like enkelt å leve slik vi gjerne ville.
Nei, å leve i kjærleiken er ikkje alltid like enkelt. Smitta som vi framleis er av den gamle Adam sine krefter.
Vi må nok, i alle fall må eg det, erkjenne Paulus sine ord om at det eg vil, det gjer eg ikkje, men det eg ikkje vil, det enda eg likevel midt opp i med begge føtene
Derfor treng vi til Han som gir og gir og gir igjen.
Vi treng å få starte på nytt med reine ark og fargestifter til.
I kraft av Jesus og den nåde han gir alle som kjem til han.
Vi treng Hans hjelp til å velge rett, og til å leve i Hans kjærleik

Så samlar det seg i at vi som trur på Kristus, vi som er mottakarar av heile fylden av Guds gåver. Vi får, ikkje for at det skal stogge i oss, men vi får lov å stå mitt i straumen av Guds gode gåver og sende dei vidare ut.
Vi som har fått Kristus i oss – vi får lov å vere Kristus for våre medvandrarar.
Ikkje med dom men med kjærleik, Guds kjærleik.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar