tirsdag 7. juli 2009

Valdres 01.juli 2009

Vi , Bodil og eg, melde oss på pilegrimsvandringa gjennom Valdres tidleg på året.
Eg har hatt litt dårleg samvet fordi eg gjekk utan henne i 2006. I år ville eg rette opp dette. Seinare vart tida for vandringa i Frankrike fastsett, og då kom desse to vandringane litt tett saman i tid. Men vi skulle få eit par dagar pusterom mellom heimkomst frå den eine og start på den andre.
Så hende det at dette pusteromet vart auka med nokre dagar, då ein onkel av meg gjekk bort, og eg ynskte å delta i gravferda hans.


Men 30.juni, seint om kvelden, kom vi fram til Fossheim hotel i Røn, og fann dei andre medan dei endå sat ved middagsbordet.
Gruppa var ikkje så stor som ved vandringa i 2006, Med oss to var den på 14 stykker. Av desse kjende vi 4 frå før. Jahn Børe, Jostein, Eli og Hans. Det var hyggeleg å møte dei att.
Vi var venta og vart ynskt velkomne av alle.



Neste morgon, 1.juli, var det Bodil og min første vandringdag, men gruppa sin 5.dag.
Det er morgonsamling, leia av Eli prest, i det særeigne lysthuset på Fossheim.
Pilegrimsprestane våre, Eli og Jostein sit fremst.


Særeigent fordi det er utsmykka med dalamålningar av målarprinsen Eugene i den tida då han var fast gjest her.


Pilegrimsfellesskapet i Valdres har laga seg eigne pilegrimsmerke, og heidersdiplomar til gode hjelparar.
Her er Jan Børe i fullt ornat før ei overrekking til Tine Meieri på Fossheim for god transporthjelp.

Så gjekk vandringa over fossen som skil Strandefjorden og Slidrefjorden. Det er ikkje stor avstanden mellom desse to fjordane, korkje i høgd eller lengd.
Vidare mot vest til Mo kyrkjeruin, der vi hadde pause. Og igjen var det "englar" ute med vafler og kaffi til pilegrimane.


Mo kyrkje var i si tid ei lita steinkyrkje. Var kanskje først kyrkje for Mo, men hadde truleg soknestatus då reformasjonen kom. Då kom den ut av bruk og forfall etter kvart. Vart så brukt som steinbrot til endeveggen mot aust fall overende og restane av den vart gøymt av jord og skog.

På 70-talet vart ruinen leita opp att og det vart gjort utgravingar. Jahn Børe og skuleklassa hans var med under desse utgravingane, og han gav oss eit godt innblikk i kyrkja si soge heilt til slik ho i dag står som eit minnesmerke om noko som eingong var.


Vandringa denne dagen var ikkje så lang. Berre 13 km, så etter ei tid gjekk vi over Einangsundet til vestsida av fjorden og Slidre.


Vi fekk innstalere oss i nattkvarteret. Vi mennene fekk gymsalen, og det må vel seiast at vi hadde det rimeleg romsleg der.


Nede ved fjorden ligg Tingsteinen der Olav Digre etter tradisjonen kristne bøndene langs Slidrefjorden.


Der er og ein badeplass, og fleire av gruppa nytta høvet til å symje bort sveitten.


Slidrekyrkja, eller Slidredomen, som den og vert kalla, er er den andre av steinkyrkjene i Valdres. Mo og Ulnes er dei to andre.
På fekk ei god orientering både inne og ute om kyrkja, både i fortid og notid, av ein med kunnskapane om den.


Den er ei Maria-kyrkje frå 11-1200talet, og har fleire utsmykkingar som peikar mot pilegrimstradisjonar.
Som denne labyrinten innafor inngangsdøra.


Eller som eit kyssemerke (forma som ein kross) i veggen utanfor døra.


Dei har og leita fram gamle vigslingskrossar på veggane. I dag er eit synleg.

Etter vandringane i Frankrike har eg vorte merksam på desse 12 meditasjonspunkta langs veggane inne i kyrkjene. 12 stasjonar frå Jesus si lidingssoge langfredag. I utforming frå det enklaste som romertal frå I til XII eller som 12 krossar, til dei vakraste kunstverk som billedgjer kva som skjedde på kvar stasjon.
Skal tru om desse vigslingskrossane i Reinli kyrkje og Slidredomen er restar av slike meditasjonspunkt?


I koret er det vegg og takmåleri. Sjølv om dei er merka av tidens tann, så kan vi sjå apostlane stå på veggen, og musikantar på veg mot taket og den sigrande Kristus som lyfter ei velsignande hand, og på kneet hans ligg livsens bok.


Han kan verke naiv den gamle norske kyrkjekunsten, i høve den gull og fargeglitrande
kunsten i kyrkjene langs pilegrimsvegen i Frankrike, men han er ikkje mindre spanande av den grunn.



Eg kom til å hefte meg ved Moses og Aron denne vandringa. Dei var der på alle altertavlene. Like i innhald. Moses med lovtavlene og Aron som øvsteprest, men likevel så ulike i utforming. Her i Slidredomen var Moses mørk i huda, medan Aron var lys. Kvifor? Eli prest meinte det måtte ha samanhang med at Moses tidlegare hadde vore gullforgylt. Bibelen fortel at det lyste av han når han kom ned frå fjellet etter å ha møtt Gud. (Der høyrer også horna som han ofte er utstyrt med, heime. Dei er strålar av lys)
Ei undring sit likevel att i meg. Kvifor er Moses og Aron så ofte tekne med på norske altertavler frå 16-1700 talet?
Eg må visst lese meg litt opp på norsk kyrkjekunst, trur eg.


Seinare om kvelden var vi attende i kyrkja til ei pilegrimsmesse. Eli hadde den. Med ein uvanleg men vakker liturgi. Ei god og fredfull stund i ei gamal kyrkje.
Der fekk eg og helse på ein av mine medvandrarar frå 2006. Triveleg å møtast att. Han hadde laga pilegrimsstavar til kvar av oss, og alle ulike.
Og så var det ein triveleg kyrkjekaffi etterpå. Laga til av eit par eldre sanitetskvinner.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar