onsdag 8. juli 2009

Valdres 02.juli 2009

Morgon med sol frå klår himmel.


I dag skal vi gå 27 km. Det er den lengste etappen. Derfor starta vi tidleg for å kunne dra nytte av den kjøligare morgonen.
For vi startar med ein lang motbakke opp lia til stort gravrøysfelt frå jarnalderen, Gardbergfeltet.


Vel oppe er der eit ope område i skogen. Her er det vidt utsyn mot vest, og her står det ein gamal runestein frå 300-talet.


Den ber ei tekst som kan gi rom for mange tydingar.
Der står: "Eg Gudegjest rita runene."


Her og sett opp ein kopi av ei riting frå Hegge kyrkje, med eit vers frå Håvamål attåt.

Eg skal ikkje gi meg ut på noka tyding, men langt i vest, stikk det opp ein liten fjelltopp. Det er Hugakollen. Den skal vi gå mot i dag, og når vi i kveld er framme, vil han vere i sør for oss.

Eg fekk eit lite drops av Eli prest i dag, eit lite pilegrimsord. "Ein pilegrim har alltid auga festa i horisonten" Det må høve i dag når vi skal vandre mot Hugakollen.

Vi er to mindre i dag. Danske Inge hoppa av i går.
Det same gjorde Knut i dag tidleg. Han har hatt med seg hund, men etter all den varme asfalten har den fått såre potar.
Eg kjem att neste år og går resten, var Knut si helsing til avskil.

Eli prest køyrer bil p.g.a helsa.
Bjørn sit på hos henne av og til. For han er det 3.gongen han går Valdres.
Dei to første gongane gjekk han åleine, men denne gongen fylgjer han gruppa.
Bodil og eg er baktroppen, dvs. Jostein er ankermann og går sist.


Vi held oss oppe i lia.
Litt lenger framme vert det ein avstikkar ut på Klokkargardsberget.
Der er nokre fjellflagg i Valdres. Eit av dei er på berget her.


Ein liten rast medan vi nyt utsynet over Slidre, og over dalen både mot aust


og vest.


Skogen kan by på så mange slags "typer".


Etter fleire km opnar skogen seg ved Kvålstølane og gir oss eit postkortutsyn over Lomenbygda og vestover mot fjella i Vang.

Det går oppover igjen, men så berst det bratt ned den gamle ferdavegen, Kvamsvegen. Den går frå Lomen og opp over åsen mot Austre Slidre.

Nede på dyrka mark igjen ligg det gamle og maleriske Ringstadtunet framfor oss.
Malerisk, ja, men desverre merka av forfall. Husa har byrja å bli skjeive, nokre tjote med kjetting. Om nokre år vil dei nok byrje å rase saman, om ikkje noko vert gjort for redde tunet.

Her i Lomenbygda budde forfattaren Knut Hauge. Han har henta mykje av stoffet i romanserien om Ulfs-ætta her i frå.

Valdres er eit distriktet med mange middelalderkyrkjer. 6 av våre 28 stavkyrkjer finn vi her.


Ei av dei er Lomen stavkyrkje.

Der er ei eiga stemning i å stige inn i desse gamle kyrkjene.
Det er å stige inn i ei ei anna tid, ei anna verd.


Eg høyrer Jahn Børe fortelje, og i medan let eg meg flytte attende mellom folket som kom her i glede, i sorg, og i undring og tilbeding til Kristus, Maria og dei heilage kvinner og menn.


På alteret står eit kvitt hovud.Ein kopi av eit madonnahovud (?) frå middelalderen. Kanskje ein levning av ei Maria-statue som eingong stod over eit alter her i kyrkja.

Så ber det først vidare ned i bygda, men så oppover igjen.
Oppover og oppover.
Heldigvis fell det skuggar frå trea innover vegen, for sola steikjer i bakkane.
Det kjennest ut for å vere godt over 30 grader.

Endeleg er vi oppe i Ellestadbygda.
Der opnar utsynet seg mot aust, heilt til Ulnes kyrkje langt bak oss.


Lenger framme opnar Hørebygda seg med stavkyrkja oppe i bakkane.


I 2006 var ho under restaurering. Golvet var borte og det hekk plast alle vegne inne.
I dag syner ho seg vakkert fram.

Ute har soknerådet ordna med brus, saft og frukt. Herleg med slik velkomst og omtanke i varmen.

Høre og Lomen kyrkje er bygd over same lest, men Høre er nokre få år eldre enn Lomen.
Og for Høre er det mogeleg å stadfeste byggeår nokså sikkert gjennom ei runeinnskrift på preikestolen i kyrkja.
Den seier att: "Det året Elling og Audun hogg til denne kyrkja ... Erling i Nidaros". Det manglande ordet er truleg "fall"

Den som fall i Nidaros var Erling Skakke. Elling og Audun høyrde til stormennene rundt kong Sverre. Og året var 1179.

Høre stavkyrkje er rik på treskurd frå middelalderen.
Kyrkja må ha vore svært vakker då ho stod i si fulle prakt, langt attende i tid.
I motsetning til Lomen stavkyrkje, er ho framleis i aktiv bruk som soknekyrkje.

Men enno er det eit stykke att før vi har Hugakollen rett i sør, og no kjem vi inn på Den Bergenske Kongevegen frå 1790.
Vegevesenet har sett opp fleire orienteringskilt langs den der den snor seg fram gjennom skogen frå Høre og mot Laglimvatnet og Hensåsen.


12 timar etter at vi byrja å gå, er vi framme på Hensåsen skule.
Då er vi komne frå austlandet sine åsar og granskog, til vestlandet sine fjell og lauvskog.


Framme på Hensåsen ser vi Vangsmjøsa og fjellrekkja over Vang på sydsida av vatnet.


Og i kveld vert middagen, rjomegraut med flatbrød og spekemat til, teken ute i den varme sommarkvelden.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar