fredag 10. juli 2009

Valdres 04.juli 2009

Siste dag.
I dag skal vi over fjellet til St. Thomas kyrkja på Filefjell.


Men først morgonbøn i nyekyrkja på Øye frå 1747.




Det går oppover lia. Vi høyrer bruset frå Eltunfossen lenger borte i skogen.
Så flatar det ut framover Rødalen på bilveg til vi tek av inn på den postvegen lenger opp i lia.

Stien snor seg fram mellom tre og stein, over det store raset frå 2004, til vi er på stølsvegen igjen der han endar.


Vi rastar ved den brusande elva, og nokre av oss nyttar høvet til eit lite bad.


Stien byrjar lyfte seg oppover mot skarhøgda.
På stølen Brekkudn tek vi ein liten pust i bakken og nyt utsikta utover Rødalen under oss.


Men vi skal høgare opp.
Stien går bratt opp mot skarhøgda og varden.


Vel oppe kan vi puste ut og sjå oss attende mot Vangsmjøsa og fjella rundt.
Vi samlast rundt varden for å feste oss til digitalbrikka.


Lenger framme på fjellet ligg Røtjern. Der står ei hytte som vi samlast rundt for ein liten matbit. Men det vert ikkje store roa, for bremsen er hissig ute etter oss.


Vi ber med oss nokre merkestikkerfrå Rødalen.
Dei minkar jamt etter som dei vert sette ned for å merke vandringvegen for nye og ukjende vandrarar.


Sidan brems, fluge og mygg er så hissige, går vi jamt fram mot Tenlefjorden og hytta der før vi tek rast på ny.
Eg nyttar høvet til ein symjetur, og så varmt vatn som der på høgfjellet skal eg vente lenge på å få i fjorden heime.


Mot sør ligg fjellrekkja med Suletind som den mest markerte.
- trykk med peikaren på biletet, så vert det større -


Ikkje lenge etter står vi på høgste punktet.
Godt markert av ei stor kube av ein stein.
Jostein stør imot best han kan, så ikkje steinen skal ta overbalanse og rasar ned.


No byrjar det å gå nedover mot Filefjell.
Fjellrekkja på nordsida av dalen og utover mot Sogn stig fram.


Så er vi framme på "Feginsbrekka", og langt i vest kan vi sjå Kyrkjestølen og St.Thomas-kyrkja.


Det går raskt nedover stien til vi er ved Otrøvatnet.
Det har vore mykje hyttebygging rundt vatnet sista åra.
Eller er hytter rette ordet? Dei er då store hus. Og rett vakkert kan eg ikkje sei det er, heller.

Vegen fører oss vestover langs vatnet, og når vi er i vestenden kjem vi på nytt inn i ein hytteby, men siste stykket fram til Kyrkjestølen går på sti i skogen langs E-16.


Der den gamle kongevegen tek av over fjellet mot vest, samlast vi.
Eli prest kjem med prosesjonsskrinet, og med Jon i front med skrinet, går vi i samla rekkje lang E-16 mot Kyrkjestølen og St.Thomas-kyrkja.


Når vi svingar av mot kyrkja byrjar kyrkjeklokka å ringe for oss, og den held fram med å ringe medan vi går syngjande rundt kyrkja tre gonger.


Så går vi inn i og legg stavane våre mot alteret.

Vi er framme. Vandringa frå Hedalen til St. Thomas-kyrkja er over også for dette året.

Det luktar godt av varm brennsnut, og det smakar godt også.

Eli leiar ei enkel gudsteneste før vi samlast i ring og syng vår pilegrimssong for siste gong.
Så fortel Jahn Børe soga om kyrkja på Filefjell.
Både den gamle, og den nye.
Den gamle stavkyrkja som på kyrkjeleg ordre, trass i sterke protestar,vart reven i 1808. Og den nye, open ut mot verda, som vart vigsla i 1971.


Pilegrimane etter endt vandring framme ved St.Tomas-kyrkja.

St. Thomas kven er det? Han var den engelske kong Henrik II sin ven, men som erkebiskop stod han opp mot kongen, og for kyrkja. Derfor vart han myrda i Canterbury katedralen i 1170.

Her er mykje interessant å sjå. Men kopien av relikvieskrinet og altertavla som avbildar Maria Dolorosa (Maria smertens mor) med alle apostlane rundt seg fangar meg mest. Det spesielle er at kvar av apostlane sitt martyrium vert fortalt på den.

Så er det tid for avskil, og takk for laget desse 4 dagane.
Takk til våre medvandrar for godt fellesskap, og takk til Jahn Børe, Eli og Jostein for det dei gav oss med på vegen vidare.


Heddals-madonnaen på alteret i St.Tomas-kyrkja.

Vi to skal mot vest. Dotter vår er komen med bilen for å hente oss.
Dei andre vert henta austover av buss, ned Valdres til Fagernes.


Flotte dagar med vandring i godt fellesskap i vakker natur.
Ei oppleving for livet.
Bodil manglar framleis dei 4 dagane frå Hedalen til Fossheim.
Vi får sjå om det ikkje vert råd å ta dei eit seinare år.



Og til kommuner og mynde av ulikt slag i Valdres.
Denne pilegrimsvegen gjennom Valdres synest eg er noko av det beste Valdres har å by på.
Sats på den Valdres og bygg den ut.
Reklamer for den så den vert kjend og brukt av unge og gamle, både frå vårt land og frå andre land.
For betre reklame for Valdres kan ein knapt få enn å vandre sakte gjennom gjestfrie bygder.
Samstundes som er får kunnskap om bygdene, hendingar og folk gjennom sakte vandring. Og ein får tid til å sjå, lukte og erfare.
Ikkje minst er ei oppleving å få kome inn i kyrkjene og sjå det unike som ligg i bygningar, inventar og kunst.
Og kjenner ein etter, kan ein merke på kroppen historia og mystikken i dei gamle kyrkjeroma.
Dette er det ikkje mange landskap som kan by på.
Valdres har det.
Sats på det Valdres.



Og til deg som har lese om denne vandringa vår.
Pilegrimsvegen ligg der.
Kvifor ikkje setje av 8 dagar i slutten av juni og gå den.
For oss to vart det minnerike dagar.
Det trur eg du også vil erfare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar