Eg hadde aldri lagt merke til at i jødedomen vart påskehelga kalla usyrdebrødshelga. Eg måtte inn på ei jødisk side for å kontrolere, og jau,; påska vert kalla festen for det usyrde brødet, og varer i sju dagar.
Eg har alltid sett for meg at den jødiske påskefeiringa har si rot i utvandringa frå slaveriet i Egypt, som eg og trur er hovedårsaka til den jødiske påskefeiringa i vår tid, men brått endra alt seg for meg. Det var det usyrde brødet som gav namn til feiringa, og det sette vår kristne påskefeiring i eit nytt perspektiv for meg. Og i nokre innlegg utover vil eg fokusere på kva det andre namnet, det usyrde brøds fest, fortel meg, med bakgrunn i dei bibelske tekstene.
Eg har lenge hatt moro av å fylgje dei ulike raude trådane i Bibelen sine tekster, og no dukka det opp ein slik tråd: det usyrde brødet.
Og starten er å finne, trur eg, i Egypt der Moses gir hebrearane i påbod om å lage mengde av deig for usyra brød til niste, og ha dei klar for det hastige oppbrotet som ville kome når farao gav dei lov å forlate slaveriet.
Det usyra brødet er knust korn blanda med vatn til ei deig, og som ikkje er tilsett hevemiddel av noko slag. Steikt over varme vert det til noko som liknar vårt flatbrød. Jødane kallar det usyrde brødet for matzha.
Løyva kjem, og det er ikkje få som dreg ut. 600000 menn, pluss kvinner og born, og ein heil hop av menneske av andre folkegrupper. Det må ha vore litt av eit tog av menneske og alle dyra av ulikt slag.
Men kor mange dagar går det før deigen er oppbrukt, og magen knurrar etter mat?
Fortellinga om oppbrotet og instruksen om det usyrde brødet og framtidig feiring av dei årlege sju festdagane for det usyrde brødet, eller det som vert kalla påske finn vi i 2. Mosebok i kap. 12 og 13.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar