Mi kjære hadde mykje glede av blomar i den varme årstida, og i den kalde årstida var det småfuglane som fekk hennar omsorg. Sommarblomsterhagen hennar er borte, eg har nok diverre ikkje hennar grøne fingrar. Også på fuglefronten har det tapt seg etter at ho fekk heimlov. Men litt betre er det likevel der. Men mykje av sortane med fuglemat er borte, berre ein sort er att, og det er solsikkefrø utan skal. Og det legg eg ut rett utanfor verandadøra, 2.5 meter frå stolen min innanfor døra.
Eg tok over eit nettingbur frå mi dotter, og inne i buret har eg eit fat med solsikkefrø, og trafikken inn er jamn, sjøl så nær husveggen og vindauget i døra.
Buret hindrar dei store og grådige som skjor og kråke, men trast og dei som er mindre er jamne gjestar. Til glede for han innfor døra. Sjølv eit dompapp-par har overvunne frykta og vorte gjestar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar