Det usyra brødet hadde ikkje innblanding av noko framandt. Kornet vart knust til mjøl som så vart blanda med reint vatn. Der måtte ikkje kome noke framandt element til som kunne forurense brødet. I 2. Mos. finn ein klare bod om dette. Det minner meg sterkt om korleis dei som har cøliaki må ordne sin brødmat. Der må det ikkje kome noko til som kan ureine deira føde.
Kanskje kan vi lese dette som eit bilete på våre forhold til Gud. Vi menneskeætta var i utgangspunktet reine og ulastande for Gud, men synda forureinsa det som var reint. Men framfor Gud må alt vere reint. Som med det usyra brødet eller som mannaen.
Når Gud krev at når påska skal feirast hos israelittane, så er det berre usyra brød, det reine brødet, som skal vere på bordet alle dei sju påskedagane. Alt som finst av syra brød må bort, sjølv den minste brødsmulen må ikkje finnast under det usyrde brødet sin fest.
Er det usyra brødet eit teikn på noko som er utan synda sin påverknad?
Peikar det mot den store festdagen eingong i framtida, domens dag, der det ureine er borte og synda ikkje lenger finst.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar