Etter at sabbaten den 15. var over gjekk nokre prestar ut til byggåkeren i Kedrondalen og skar seg nokre kornband. Inne i tempelet vart ein del av kornet teke til å bake 12 runde kaker, kalla skodebrød, som så vart lagt på det gullkledde skodebrødsbordet. Bordet med kakene vart seinare om morgonen synt fram for folket på tempelplassen. Det hebraiske orde for desse skodebrøda kan og omsetjast som brød for Guds ansikt.
Og då sola rann om morgonen den 16.nisan vart det første neket av året sin bygghaust svinga for Guds åsyn, med orda ,- Sjå Guds kjærleik til oss.
Samstundes var nokre kvinner på veg til grava med godangande salvar for han som låg i den. Men i det sola rann hender det utrulege. Steinen for opninga vart velta frå, og attende i grava låg likkledet som kroppen hadde vore sveipt i, og ansiktsduken som hadde vore knytt om hovudet.
Men grava var tom.
Det er ikkje berre førstegrøda av bygghausten som kan ta til. Det er også førstegrøda av ei frelst menneskeætt som byrjar med den tome grava.
Sjå kor Gud elskar oss, sa prestane medan dei svinga det første kornbandet av bygghausten.
Det same kan vel vi og sei etter det som hende ved soloppgongen den 16.nisan i festen for det usyrde brødet i Jerusalem. Då
han som er det levande brødet, livsens brød, braut dødens lekkjer.
Det er søndag og gudsteneste i kyrkja. Eg går fram til alterringen, kneler ned og rekkjer fram ei opa hand. Eit lite rundt brød vert lagt i den opne handa. Eit lite usyra brød.
Paulus skriv til kyrkjelyden i Korint:
Den natta Herren Jesus vart sviken, tok han eit brød, takka og braut det og sa. Dette er min lekam som er for dykk. Gjer dette til minne om meg. Like eins tok han kalken etter måltidet og sa: Denne kalken er den nye pakt i mitt blod. Så ofte de drikk av han, så gjer det til minne om meg. For så ofte de et dette brødet og drikk av kalken, forkynner de Herrens død til dess han kjem.
Eg lyfter handa og legg det usyrde brødet inn på tunga....så ofte de et dette brødet ......
Og presten i tempelet, medan det endå stod, lyfta skodebrødet opp mot himmelen, mot Guds ansikt og ropte ut...
Sjå... smak...kjenn...Guds kjærleik til oss.
No er det å legge til. Det er det usyrde brødet som har vore den raude tråden som har kverna i mine tankar og ført til det eg har skrive . Men der er og ein annan raud tråd som kanskje er meir i fokus i vårt kristne trusgrunnlag, og som eg ikkje drege inn i mine tankar her, og det er offerlammet og offerblodet. Det hadde vore interesant å fylgje også den tråden, men det får vere ein annan gong.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar