fredag 11. april 2025

Manna

På det neste punktet i min raude tråd om det usyra brødet er vi komne til øydemarka på Sinaihalvøya.
Hebrearane sin store flokk har byrja merke gnaginga etter brød i tarmane. Dei er svoltne og tørste, og murrar mot Moses som har ført dei hit, bort frå kjøtgrytene i Egypt.

Og i 2. Mosebok kap. 16.finn vi fortellinga 
om kva som hende då folkehopen klaga over svolten til Moses, og Gud høyrde deira murring og gjennom Moses fortalde dei om maten dei skulle få kvar morgon og kveld. Om kvelden ville det kome menger av vaktlar dei kunne fange, og om morgonane ville marka kvar dag vere dekt av eit kvitt korn som dei kunne sanke til mat. Det likna korianderfrø og smakte som honningkake, og dei kalla det manna. Og denne mannaen ville dei få kvar dag i 40 år under vandringa mot det lova landet. Men den dagen dei kryssa Jordanelva og inn i det lova landet var det ikkje meir manna å finne.

Det mange som har prøvt å forklare kvar desse kvite korna naturleg kom frå, utan å lukkast med sine teoriar. Når ein tenkjer over kor store mengde det måtte til kvar dag i 40 år for å mette den store folkeflokken, så har nok salme 78.23-25 ei rimelegare forklaring, sjølv om den må godtakast med tru og ikkje med handfaste prov.

Han (Gud) gav skyene påbod og opna dørene til himmelen: han let manna regne til føde for dei, gav dei korn frå himmelen. Englebrød fekk menneska å ete. Gud sende mat, og dei vart mette.

Og det var det andre punktet på min raude tråd om usyra brød. Mannaen, englebrødet frå himmelen.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar