Det jødiske året byrjar ved nymåne i månaden adar, eller nisan som den kom til å heite etter det babylonske fangenskapet.
Den 15. Nisan er det fullmåne og då byrjar det usyrde brøds fest, som varer i 7 døgn. I år frå den 13. til og med den 19. april i vår tidsrekning.
Sidan den jødiske tidsrekninga er ein månekalendar der kvar månad byrjar med nymånen, kan påska si byrjing variere frå år til år. Det er uråd i vite kva dag, utifrå våre vekedagar, kva vekedag ,påskesabbaten, den 15.nisan var i Jesus si siste påske. Dette grunna jødane sin kalendar, og heller ikkje kva år påska var då Jesus leid døden. Det og er lite truleg at Jesus vart fødd i år 0 eller 1. Vi veit heller ikkje kva år Jesus leid døden på krossen.
Men vi veit, utifrå evangelia, at Jesus stod opp frå grava dagen etter sabbaten , den åttande dagen, som må vere den 16.nisan.
Dette vart eit problem for kyrkja som skulle feire Jesu oppstode på den åttande dagen, og det måtte vere ein søndag. Derfor gjorde eit kyrkjemøte vedtak om at påska sin dato skulle kome på 1. søndag etter 1. fullmåne etter vårjamdøger.
Så i år byrjar den jødiske påska, om kvelden den 13. April, medan vår påske byrjar med 1.påskedag søndag 20.april.
I det usyrdebrøds fest, då Jesus feira si siste påske byrja fullmånekvelden den 15.nisan etter at tre stjerner var å sjå på himmelen. Døgnet før, den 14. nisan vart innhaldsrikt for Jesus og fylgjet hans.
Ved skifte frå 13. til 14. var dei samla på øvresalen for påskemåltidet, der han i måltidet deler ut brødet og vinen og med det gir oss nattverden sitt heilage måltid, men også vaskar han læresveinane sine føter. Etter måltidet går dei ned i dalen, over Kedronbekken og inn i Getsemanehagen der Jesus kjem i dødsangst så sveitten renn som blod, og ber; Far, er det råd så la denne bloddåpen gå meg forbi... men Far la din vilje skje.
Han vert teken til fange og førd til øvstepresten si borg. Avhøyrd av både prestane og Pilatus. Tornekrona og hudfletta før dødsdomen vert sett av Pilatus.
Krossfest.
Han vert førd gjennom gatene til Golgata, berande på krossen sin tverbjelke. Fell fleire gonger undervegs før Simon frå Kyrene vert tvinga å bære bjelken siste stykket. Framme på Golgata vert han fråteken kleda sine og spikra naken til krossen. I den 9.ande timen av det vonde døgnet døyr han etter å ha ropt ut:
Det er fullført.
Josef frå Arimatea går til Pilatus og får lov til å ta Jesus ned av krossen og legge han i ei grav han har. Og døgnet den 14.nisan går over i påskefesten for det usyrde brødet den 15.nisan, når tre stjerner syner seg på kveldshimmelen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar