søndag 29. november 2015

Takk.

Sæl er du ... om du manglar ord til takk for alle gåvene som vegen byd bak kvar sving.

Der er eit enkelt lite ord på fire bokstavar som er litt i slekt med kjensler, sjølv om dei dekkjer litt ulike område. Ordet er takk.
Vi nordboerar er visst nok ikkje kjende for å vere så flinke til å forme ordet takk som vi burde vere.
Men det lærde eg meg tidleg etter pilegrimsvegen at ordet takk høyrde med. Både det franske merci og det spanske gracias. Å ikkje nytte det var uhøfleg, og det skjøna eg etter kvart at der var ei folkegruppe som var verre enn oss nordboerar. Det store folket lenger sør som er av same folkeslag som oss. Men det fritok meg ikkje ffrå å lære å nytte ordet takk, mykje oftare enn eg var van med heimanfrå. Så i samhandling med andre menneske fekk eg lære at å takke var like naturleg som å helse vel møtt, eller god dag, når ein møttest på vegen. Gjerne med eit smil attåt. Sjølv om det var menneske ein aldri ville møte igjen. Og, oppdaga eg, slike små ord har ei eige evne til å lyse opp kvardagen, og møtet.

 
 Men kva med alt det andre som møter oss på vegen og i livet. Alle desse små gledene og overraskingane som vegen byd på bak kvar sving, og over kvar bakketopp. Tek vi dei som ei sjølvfylgje, eller let vi oss gle oss over dei. Og takke.
Takke kven? Det er då berre naturen som byr på seg sjølv, og naturen kan vi då ikkje takke, eller?
"Jag vil takka livet som har gitt meg så mycket", syng Arija Saijomaa.
For meg som truande er det naturleg å rette takka til Han som har gitt meg livet, ja som har skapt alt og har lagt alt livgjevande inn i det som er den rike og blømande naturen. Som her på den flate spanske høgsletta. Oversådd av raude valmuer under ein vid og høg himmel. Til glede for ein vandrar frå det høge nord.
Og om eg berre ser, og let kjenslene rå i meg, så er der mykje kvar dag under vår vandring som stemmer sinnet til takk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar