mandag 9. november 2015

Å sjå det usynlege.

Dei fleste menneske er ulike, slik og med mi kjære og meg. Eg såg det under våre vandringsdagar i framandt lende, og eg ser det på kjende vegar her heime. Eg har gjerne augene festa i horisonten, i landskapet rundt meg. Ho har eit anna synsfelt. Ho ser dei nære tinga. Det som ligg rett framfor føtene. Slik er det og i kvardagslivet. Eg er i dei store tinga, ho er mest oppteken av dei små hendingane. Du misser det viktigaste kjære, seier ho, det er i alle dei små hendingane livet er.
Men det første ordet i dei ti sæleprisngane til den mellom-amerikanske presten går endå lenger. Til det ein ikkje kan sjå.
 
Sæl er du når du ser at vegen opnar augo dine for det du ikkje kan sjå.
Då må han meine noko meir enn å gå i skodda ned frå O Cebreiro og få det skodda gøymer openberra etter kvart som ein flyttar seg framover etter vegen. Eller å flytte augene frå horisonten og ned til dei små opplevingane som ligg rett framfor føtene.
Kva ligg i orda om å få opne augene for det ein ikkje kan sjå?
Er det å få sjå noko ein ikkje kan sjå med våre fysiske auge.
Er det å få sjå noko med våre "indre" augo. Ikkje fysisk, men psykisk.
Med trua sine auge.
Det har forundra meg mange gonger under lesing av ulike meinigdebattar mellom truande og ikkje truande. kor vanskeleg ikkje truande har for å skjøne kva dei truande talar om. Det er som om dei manglar auge til å sjå det som ikkje kan sjåast. Den usynlege røyndomen som trua openberrar.
Får så pilegrimen desse augene til å sjå det ein ikkje kan sjå ved å gå jordiske pilegrimsvegar? Det trur eg er heller få, for når ein går så er det ikkje berre sekken sin på ryggen ein har med, men og sin indre ballast. Mine vandringar på dei vegane gav meg ikkje mykje av slike opplevingar, men i mine heimegrender, og i mi eige stove har eg ofte fått oppleve rikdomen i sjå det som eg ikkje kan sjå.
Og den gåva kan ein ikkje skape ved eiga kraft, den får ein som ei gåve ved å opne seg for trua.

 
Sæl er du når du ser at vegen opnar augo dine for det du ikkje kan sjå.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar