mandag 16. november 2015

Mogonen gryr

Sæl er du når du ser at vegen er full av namn og daggry

Sæl er du når du ser at vegen er full av daggry
Det gryr ein ny dag over Golinhac, ein liten landsby sørvest i fjella midt i Frankrike. Vandrarane bryt opp frå nattelegeret, får sekkane på ryggen, grip vandringsstaven og byrjar gå mot sørvest, over åsane mot Conques, der dei vil vere framme når vandringsdagen atter går  mot kveld.
Der er mange slike morgonar under ei vandring på pilegrimsvegane. Morgonar med skodde, med regn, men og med blå himmel over som lovar sol over dagen si vandring.
Vandringa, enten det gjeld den eine eller andre slags vandring er full av daggry, heilt til vi legg vår vandringsstav ned. Men kva er det desse morgonane gir oss, og kva fyller vi timane etter  morgonen med? Når kvelden kjem så veit vi kva dagen fekk av innhald. Når natta og mørkret igjen senkar seg over vandraren, då er det tid for ettertanken, for oppgjeret.

Sæl er du når du ser at vegen er full av namn
Noko desse timane etter alle desse morgonane gir vandraren er namn. Namn på stadar han vandra gjennom. Namn på barar der han kjøpte seg ein kopp kaffi og noko å ete. Namn på hospits der han fekk seg ei seng for natta. Men og namn på menneske han møtte på vandringa, namn som teiknar eit andlet han møtte, eit menneske han ei tid delte vegen med. I hugen hans teiknar namnet fram ein person han minnest med glede, eller med vemod, men kanskje og med andre slags kjensler som han helst ikkje vil vedkjenne seg. Om dei gonger då han trakka feil og kanskje såra den andre. Uten å få gjere opp, utan å be orsaking for gjerninga, orda.
Er det dette Piet Hein har i tankane når han skriv;
Det er en glede i livet der ikke vendes til lede. Det at du gleder en annen, det er den eneste glede.
Der er en sorg i livet som ingen tårer kan lette. Det at det var for sent da du skjønte dette.
Ingen kan resten av livet stå ved en grav og klage. Døgnet har mange timer, året har mange dage.

Størst av alt er kjærleiken, har ein vis mann sagt. Kanskje kan eg legge til ei von for eigen del, at det største av alt etter alle desse morgonane, etter alle desse namna, måtte vere at det var kjærleik, venskap og respekt for den andre som fekk rå i meg desse timane etter alle desse daggrya. Så eg eingong må sleppe å stå med anger i hjarte for det eg let vere å gjer medan høvet var der.
Sæl er du når du ser at vegen er full av namn og daggry

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar