mandag 23. november 2015

Om å bere.

Det har eg lært meg som pilegrim, som ein vandrar, som kvar morgon lyfte reimane på ryggsekken opp på skuldrene. Det gjeld å ikkje bere med seg meir enn det ein treng, og helst noko mindre. Børa kan elles lett verte i tyngste laget etter som timane går utover dagen.
Men det har eg og lært etter som åra har har gått, og eg no nærmar meg støvet sin alder. Mennesket er ein uforbedreleg samlar. Også eg. Guds Ord åtvarar mot å samle oss skattar på jorda, men det strider mot vår natur. Kanskje har samlarmanien sitt opphavet i den tida då svolten og nauda aldri var langt unna. Då det gjaldt, om det var råd, å ha eit reservelager dersom nauda ein dag skulle banke på døra.
Den finske diktaren Runeberg sitt epos om om bonden Paavo og hans strev for kone og born på ei frostig og karrig jord, sit meg i minnet.
Men kanskje har vi gått for langt når vi i dag samlar oss skattar i fleng, skattar som vi knapt har bruk for, men som fyller opp våre hus. Vi fyller, billedleg tala, våre ryggsekkar med ting vi trur er viktige.
Den som har prøvd å flytte frå eit romsleg husvære til eit mindre, veit litt om alt det vi gjennom åra har samla opp. Og arbeidet som dukkar opp når ein må byrje å kaste, minke ned alt som er samla. Meisteren sa at der skatten vår er, der vil hjartet vårt og vere.
Kanskje der ligg ein rikdom i å ikkje eige meir enn ein treng, i å ikkje ha for tung ryggsekk å bere på.
Runeberg avslutta sitt eposet om bonden Paavo med at då han endeleg ein haust stod der med ein gul og moden kornåker, og kona hans såg dagar framfor seg med rikeleg og meir korn enn dei trong, Då var det grannen som ikkje hadde vore like heldig med sin haust Paavo tenkte på, og som han ville dele sin rikdom med.
I dag strøymer det store skarer av menneske inn i Europa, også inn i vårt land. Også her i mi bygd vil der kome menneske som treng å å finne ei hjelpande hand, å verte sett av meg og mine sambygdingar. Cornelius Vreeswijk song om at vi ingen ting kan ta med oss dit vi går. Der er andre måtar å fylle sekken vår på enn å fylle den med ting som vi må etterlate oss her ein gong. Der er andre skattar å fylle sekkane våre med, sa Meisteren

Sæl er du når ryggsekken din held seg tom av ting,........  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar