tirsdag 1. desember 2015

Å sjå

Sæl er du når du skjønar at eit steg attende for å hjelpe einkvan er meir verdt enn tusen framover utan å sjå seg til sides.

"Er det råd å få kjøpt litt mat her i nærleiken tru? spurde den første. "Vi gjekk nettopp forbi ein stad" svara den andre, "Såg du ikkje det?" Nei, den første hadde ikkje sett. Han hadde vore så oppteken med å finne hospitset. Han hadde berre sett rett fram, og ikkje tilsides inn i sidegatene.

Korleis er det vi går? Hastar vi avgarde, eller gir vi oss tid til å sjå det som er rundt oss?
Og korleis er det vi ser? Let vi oss berøre av det vi ser?
Er vi berre opptekne av oss sjølve og vår eiga verd, eller gir vi oss tid til å sjå våre medvandrarar.
Eg trur det er det denne sæleprisinga handlar om. ... Om å sjå vår neste, slik Meisteren formulerte det i fortellinga om den miskunnsame samaritanen.
Om han som hadde vorte så hardt mishandla av landevegsrøvarar, men som ikkje fekk hjelp av dei som såg, men gjekk forbi. Ikkje før samaritanen, den framande, kom forbi og såg.
Etter pilegrimsvegen har eg sett mange har hatt trong for at ein kvan såg, og stansa opp for å by omsorg og hjelp. Men kva gjorde eg? Gjekk eg forbi? Eller...?

Hjå oss protestantiske truande har vi gjort omvendinga og trua åleine til det store kjernepunktet, medan Han sa at den som høyrer orda mine og gjer etter dei, han...
I Meisteren si sentrale fortelling om den siste dagen, domen sin dag, så er det dette som er kjernepunktet. Alt det de gjorde mot ein av desse mine minste syskjen.... det gjorde mot meg, seier han den dagen.
Ser vi? Og kva gjer vi med det vi eventuelt ser?

 

Å sjå, og å gi ei hjelpande hand er meir verdt enn tusen steg framover mot endemålet, er den mellomamerikanske presten sine ord. Og sæl er den tek steget attende for å rette ut si hand.
Og då vert spørsmålet til slutt. Vender eg andletet den andre vegen, bort, og går vidare med raske steg, Eller let eg meg berøre og rettar ut ei hjelpande hand?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar