lørdag 14. november 2015

Om å gå på vatnet.



Kan eit menneske gå på vatnet?
Evangelistane fortel at Jesus gjorde det, men det må vere ei av dei fortellingane om Jesus som det er vanskelegast for eit rasjonelt moderne menneske å ta alvorleg.
Det er in i dag å fortelje om sin tvil. Mange spør seg sjølv om det kan vere sant alt som er skrive om Jesus. Kunne han gjer det som evangelistane fortel, og kven, kva var han? Kanskje er det råd å forstå at tvilen dukkar opp hjå mange.
Tvilar eg?
Ja eg har tvila ofte. Ikkje på det skrivne Ordet. men ofte på meg sjølv. Det gav meg tidlegare mange opp og nedturar i mi trusverd. Slik sett kjende eg meg mange gonger som Peter som i tru stig ut av båten, ut i bylgjene, for så med eit å oppdage si manglande tru. Og då held ikkje vatnet han oppe lenger, han søkk. Det var i ein slik nedtur eg verkeleg oppdaga Jesus si hand; Sjå eg har gjort alt ferdig, og det er nok også for deg.
Det var ikkje avhengig av mi store eller vesle tru. Det var nok å gripe Jesus si utrette hand og halde fast i den. Slik det og vart Peter si redning.
Jau, eg trur også på desse utrulege fortellingane i evangelia fordi dei fortel meg at Jesus var noko meir enn Maria sin son. Desse umulige fortellingane syner meg den andre delen av han, den guddommelige delen. Den delen av han som gjer  det mogeleg for meg tru, trass i min tvil på mi eiga trusstyrkje. Eg les om kyrkjefedrene og deira kamp for å kome til rette med kven har var, der dei tilslutt enda opp i felles erkjenning av at han var både av menneske og av Gud, i ein person. Det er denne erkjenninga deira av kven han var, som for meg stig fram i fortellinga om den gongen han gjekk på vatnet, og i mange av dei andre fortellinga. Den erkjenninga som samlar seg i læreveinane sitt utbrot; Du er Messias, den levande Guds son.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar