torsdag 12. november 2015

Om å gå saman.

Sæl er du når du ikkje er så oppteken av å nå fram, som det er å kome fram saman med andre.
Kva er det denne sæleprisinga handlar om?  Eg tenkjer at det handlar om nærleik, om venskap, og om å knyte band til andre menneske. Det vert sagt at eit av vår tids store mellom-menneskelege problem er einsemd.  I skrivande stund såg eg nett ei gamal episode frå den tyske krimserien Derrick, der eit hovedmotiv var tre kvinner som møtte ein mann som med gav av sin hjartevarme inn i den einsemda dei bar på, trass i deira, ytre sett, vellukka liv.Og kulden frå deira menn som ikkje tolde hans varme omtanke.
Utan kjærleik døyr mennesket, er det visst eit klokt mennneske som har sagt. Men vi menneske er ikkje samansett heilt likt. Nokre vil helst vere åleine, andre treng mange rundt seg. Dei åtte åra eg har vandra jordiske pilegrimsvegar har eg vore så heldig at eg alltid har hatt nokon å gå saman med, og det har vore ein stor rikdom. Eg trur eg hadde kjent meg einsam om eg skulle gå åleine. Det har vore godt å ha nokon å gå saman med, og det har vore godt å kome fram saman med nokon.
 På veg mot Cirauqui i Navarra, Spania

Men eg tenkjer og at han som skreiv desse orda, ikkje tenkte berre på slike vandringar. Kanskje han tenkte like mykje på vår livsvandring. Frå vogge til grav. Mållinja på den vandringa må vi nok krysse åleine, men undervegs treng vi medvandrarar. Gode medvandrarar som gir av seg sjølv hjartevarme og nærleik, venskap og kjærleik. Men det må gå begge vegane.Utan det kan vokstervilkåra for nærleiken og kjærleiken oss i mellom verte vanskeleg.

Sæl er du når du ikkje er så oppteken av å nå fram, som det er å kome fram saman med andre.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar