lørdag 7. november 2015

Bienventurado eres, peregrino

"Pilegrimer er vi gjennom tiden, fra vår fødsel like til vår død". Slik byrjar Eivind Skeie ein av sine salmar.
Heilt sidan eg byrja å setje føtene mine på dei sokalla pilegrimsvegane og vart ein "pilegrim", har eg i mine tankar bala med kva det tyder å vere ein pilegrim. Kven er denne vandraren, pilegrimen, som går mot ein eller annan heilag stad - kva no det tyder - denne framande som kjem, stansar ei kort stund, og så er borte att. Som alltid er undervegs.
Det er  enn so lenge desse orda til Eivind Skeie eg har enda opp med i min førebelse konklusjon.  Tankar er og alltid undervegs. I denne mi tolking av innhaldet i orda  pilegrim / pilegrimsvandring, så er det ikkje det forjetta, heilage, målet der framme ein stad som lenger er kjerna for meg, men det er vegen og vandringa som har gitt - og gir - meining og mål, innhald og røyndom for mi vandring.
Pilegrimer er vi gjennom tiden, fra vår fødsel like til vår død.
 
 
I den sokalla Bergpreika av Jesus, som Matteus fortel att, opnar Jesus med ni ord som kvar gong opnar med Sæle er dei ..., der han fortel om nokre type menneske og deira sinnelag, og kva løn som ventar dei eingong.
Eg kom eingong over nokre ord som likna desse Jesus sine ord, men der målgruppa var pilegrimen, og dei orda møtte mine tankar om pilegrimen og hans vandring.
Det var ein prest frå Mellom-Amerika hadde skrive dei, på spansk, men eg tillet meg å omforma dei til mitt eige målføre.
Bienaventurado eres, peregrino, var innleiinga hans til desse orda.
Eg tillet meg å omsette dei til Sæl er du, pilegrim.
Og kanskjer er det desse handlingane, desse orda, dette sinnlaget som presten sine ord formar, som under vandringa langs vegen kan gjere oss sæle, og ikkje det fjerne målet der framme, ein gong.
 
Biletet over er frå slettene i Gascogne i sydvest-Frankrike. Ein stad noko syd for elva Garonne.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar