mandag 2. november 2015

Det går mot natt



 
Så er endå ein dag over, og vi skriv november. Oktober gav oss ein dag med nær 20 grader + før månaden var over, men så kom vinden og regnet. I dag har eg sett regnet stå i fjella rundt om, utan å væte så mykje her eg har min heim.  Men no er dagen over. Det myrknar ute og lysa langs fjorden trer sterkare fram. Men over Helgehornet i vest opnar det seg ei strime i dei mørke skyene, og der seier sola, som eg ikkje har sett i dag, eit siste gulraudt farvel. Så er det berre å ta i mot nattekvila, og å vente på morgondagen og sjå kva den har å gi.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar