Kva er det dei seier? Kva tyder det dei fortel, kvinnene? Spørsmålet hadde dirra i lufta mellom dei etter at Peter og Johannes hadde sprunge ut til grava for å sjå om det kvinne fortalde, var sant. Og dei hadde funne at steinen var rulla til sides og at grava var tom. Berre likkledet og ansiktsduken låg att.
Vel inne att bak den stengde døra att, hadde dei fortalt kva dei hadde sett, og helde fram likkleda. Her er dei. Dei er hans, hadde dei sagt. Men kva tydde det? Maria hadde sagt at ho hadde møtt han, men kunne dei tru på henne? Er det mogeleg å tru henne, ei kvinne? Dei hadde då sjølve vore med å legge hans døde kropp inn i grava, og rulle steinen for. Og det visste dei, døde er døde. Ein kvan måtte ha brote romarane sitt segl, og stole kroppen hans. Men kvifor? Uroa sat i kroppen på dei, Uroa og frykta. Dei hadde opplevd for mykje denne påskehelga.
Derfor hadde dei helde seg inne desse dagane, bak ei stengd dør.
Då brått står det ein mellom dei. Dei skvett til alle. Kven er dette, og kven har slept han inn? Ingen av dei hadde høyrt nokon banke på døra. Er det eit skrømt, for ingen kan gå gjennom ei stengd dør?
Dei høyrer han sei; Vær ikkje redde. Eg er ikkje noko skrømt, Det er eg. Sjå hendene mine. Og så hadde han retta fram hendene sine, og dei såg såra etter naglane i dei.
Er det vekeleg han? Hadde Maria likevel rett i at ho hadde møtt han?
Er det han som dei hadde sett ligge død som står her mellom dei? Men korleis kom han inn? Døra er då bolta og stengd? Jau, det han, men samstundes, det er noko framandt ved han. Tvilen, og undringa stig mellom dei.
Har de noko å eta, spør han dei, og dei leitar fram noko fisk, og ser at han et. Skrømt kan då ikkje ete? Sakte endrar frykta seg til undring, og glede. Det er verkeleg meisteren deira, Jesus, han er ikkje død lenger, han står der midt mellom dei, og han lever.
Dette endra verdshistoria. Utan oppstoda og den tome grav hadde der ikkje halve menneskeætta i dag vore truande kristne, og mykje av det som har hendt dei siste totusen år, hadde aldri hendt.
Utan oppstoda hadde episoda med meisteren frå Nasaret og hans tolv læresveinar vore ei gløym episode i jødefolket si soge. Men med oppstoda og den tome grav, byrja Gud, den allmektige, eit nytt kapittel i si frelsessoge for menneskeætta.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar