torsdag 30. april 2015

Arbeid og helg

Etter vel ei veke nærmar det seg botnlinja i arbeidet med å renovere badet som mi kjære og eg nyttar.
Veggar er rivne, golv er knust og betongen boren ut, veggklednaden det same, og så er det slegne nye grøfter for nye slukar og avløpsledningar til servant, toalet, dusj og vaskemaskin. Hadde eg visst kor mykje arbeid det kom til å føre med seg, hadde eg nok på førehand  kvitt med enno meir enn eg gjorde. Men det var på høg tid at noko vart gjort med det. Og no nærmar det seg starten på bygge opp att vårt nye bad. Heldig har eg vore som har gode hjelparar og konsulentar til hjelp.
Samstundes med alt arbeidet med badet, har vi hatt ein stort arbeid med fjerne mykje av alt som har samla seg opp gjennom førti år, og som vi ikkje har bruk for meir, og knapt nok visste at vi hadde. Ein heil kontainer står og ventar på å verte frakta bort over helga. Men no er det fridag, 1mai, med gudsteneste m.m., og så kjem to konfirmasjonshelgar med 2 gudstenester i kvar, og i desse gudstenestene har eg meldt til teneste.
Våren eg trudde skulle kome med eksplosiv kraft, den har svikta. Det har vore for kaldt værlag til no. Det to siste morgonane har det vore rim på marka. Likevel må nok grasklipparen fram no. Engkarsen har byrja å slå sine blomar ut, og då varer det ikkje lenge før alt er lyst fiolett der det skulle vere grønt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar