lørdag 4. april 2015

Dag tre, den stille?

Så er den tredje dagen her med sol over snøkledde fjell og dalar. Under vår handletur på senteret var det rimeleg romsleg både inne og ute, til å vere påskelaurdag, så det var nok mange som nytta denne fine soldagen til ein tur på ski.
For oss to ein roleg dag  i sola  før kvelden kjem med sein gudsteneste, påskenattsmesse  rundt midnattsbelet. Ei særmerkt gudsteneste som det er ei sann glede å få med seg. Den byrjar i ei mørklagd kyrkje der kyrkjelyden sit med levande lys i hendene, Etter ei tid vert dei sløkte og lyset kjem på i lyskrunene. Gudstenesta har sin eigen liturgi med mykje sang, og når den er over ved midnatt, går vi ut i natta, igjen med levande lys i hendene. Og til blafrande lys står vi ved kyrkja og syng salmen "Deg vere ære",  ut i natta. Ved solrenninga den fjerde dagen var grava tom.
Den stille dagen då den krossfeste kviler i grava vert det sagt, men, er der noko meir ved denne dagan? Ved kvar gudsteneste reiser kyrkjelydane seg og seier fram kva deira tru er. I den apostoliske trusvedkjenninga som vi oftast nyttar, er der ei setning som fortel noko anna, for då seier vi kor ..." for ned til dødsriket.." Og den setninga fortel om noko aktivt, ikkje det passive "kviler i grava:"
Kvar kjem det ifrå? Det er einaste i eit av Peter sine brev at ei slik ferd, noko vagt, kan vere omtala, då han skriv at "han gjekk bort og forkynte for åndene som var i fangenskap".
Eg måtte inn i bøkene og sjå kva dei andre trusvedkjenningane seier om denne lekken, men den mangla i dei, det er berre i vår apostoliske at den står. Den var med i ein sydfransk varianten frå 540, og vart ålmenn i vår vestlege kyrkje så seint som rundt år 1000 då den tysk romerske keisar pressa romakyrkja til å godta trusvedkjenninga med også den setninga. I den nikenske trusvedkjenninga som austkyrkjene nyttar finn ein ikkje denne lekken. Så kanskje var der inga ferd til dødsriket den tredje dagen, men berre ei kvile i venting på solrenninga på den fjerde?  Men når det gjeld trusvedkjenningar så må eg vedkjenne at eg har større sans for den nikenske, sjølv om den er lengre. Det er fordi den utfyller så mykje meir det som er mi tru. Eg kunne nok tenkje meg den brukt i kvar gudsteneste, men det er helst lite realistisk å vente. Men i kveld reknar eg med at den er med i gudstenesta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar