onsdag 15. april 2015

Den åttande dag.

Tid. Kva er tid?
Eg las i dag noko ein hadde skrive, at der er menneske som ikkje godtek anna enn det som kan handfast provast. I så fall må dei ha vanskar med undringa over alt det som fell utanfor den kategorien. Og av dei er det mangt. Også i trusverda er der mange spørsmål vi har vanskar med prove på den måten dei krev. Spørsmål som vi kan stille oss undrande overfor, men som vi i tru likevel seier ja til. Eit av desse har med tida å gjer, og då tenkjer. eg på " den åttande dag".
Eg fylgde ein god ven til den siste kvilestaden i går. Ein ven som døydde så uventa og så alt for tidleg. Men vår livslengde er for dei fleste av oss utanfor vår kontroll. Men då var det omgrepet " den åttande dagen" dukka opp hjå meg. Min ven hadde flytta ut av vår tid og inn i den åttande dagen. Inn i æva. Og i æva høyrer ikkje vår oppfatning av tid-tida heime.
Kvar hentar eg så dette ordet i frå?
Skapingssoga fortel at Gud skapte det skapte på seks dagar. Mange meinar at det var seks dagar rekna etter vårt jordiske tidsomgrep, men eg trur at her handlar det om eit heilt anna tidsomgrep enn vårt. Noko Bibelen og er inne på då det i den står skrive at for Gud er er ein av våre dagar som tusen år. Altså eit heilt anna tidsomgrep.
Attende til skapingssoga. Der står det skrive at på den sjuande dagen kvilde Gud etter å ha fullenda skapinga. Så langt har vi at skapingssoga hende på sju dagar. Ikkje dagar med våre klokketimar, men rekna med Guds klokke.
Vi har nett feira påske, og på vår påskeaftan, når det hadde vorte så mørkt at dei kunne sjå tre stjerner på himelkvelven,var jødane si påskehelg over, og den første dagen i ei ny veke byrja. Og denne første dagen etter påskefesten vart den åttande dagen. Den dagen då Menneskesonen, Kristus, Guds salva, braut dødens makt og stod opp at, men med ein herlegdomslekam. Den åttande påskedagen vart den dagen då Guds ævelege rike braut inn i vår tid. Frå den dagen lever vi framleis i vår tid, men samstundes og i Guds tid. Enno er det berre på andre sida av døden at Guds tid er synleg.  Det er ikkje synleg for våre auge, sjølv om det bere er eit forheng som hindrar oss å sjå det med våre auge her i tida.
Kan vi bevise dette?  Nei, her strekk ikkje vesle vitet til. Her er det tru, og von, som må til for å sjå det. Fattige må  vi vere utan von i møte med døden. Då er døden eit endeleg og totalt farvel, men ved trua har vi ei levande von. I trua ser vi det alt, og veit; at der på andre sida av forhenget, dit våre kjære har flytta ved døden. Der er dei alt inne i Gud tid, i Guds æve. Og ein gong i vår tid, på Guds åttande dag, vil Han som sit på kongsstolen reise seg og sei; Så eg gjer alle ting nye!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar