fredag 3. april 2015

Dag to av påskedagane

Langfredag, eller Good friday på engelsk, er her, og mi kjære og eg har delteke i ei "fin" gudsteneste i heimekyrkja. Om ein kan bruke ordet fin om ei gudsteneste med ein so alvorleg grunntone. Men så er det og kristentrua sitt store mysterium, krossen sitt mysterium, som set innhaldet på denne dagen. Ei "naka" gudsteneste, berre salmar, framføring av lidingssoga der fleire born var med på å gi dei ulike personane i soga liv, bøn og musikk. Men ei sterke soge treng ikkje mange ord i tillegg. Namnet langfredag kan eg skjøne, men good - god. Den har eg litt vanskar med å skjøne bakgrunnen for. Det ordet på denne dagen må ha ei rot som har gjort ei lang vandring fram mot god.  Sjølv tykjer eg at for dei som opplevde den dagen, måtte det sitje att ei kjensle av ein både lang og vond dag. Så sit eg der i kyrkjebenken og høyrer fortellinga skride fram mot sitt klimaks då Jesus gir opp sin ande og døyr krossdøden. Då høyrer eg noko eg har lest før, men ikkje hjå Matteus. Barabbas har fått eit fornamn, Jesus. Jesus bar Abbas, sa røysta framme ved koret. Jesus son av Abbas. Så var det skjebnen til to som bar namnet Jesus som var i spel av Pontius Pilatus på dommarsetet den dagen. Og dei som stod ned for dommarsetet valde, den ein fekk fridom i gåve,  og den andre fekk fornedring og krossdød. Den skuldige Jesus fekk fridomen, og den skuldfrie Jesus vart dømd og tok den andre si straff i hans stad. Der er mange forklaringar  på krossen sitt mysterium. Ei av dei er det som hende med Jesus bar Abbas, og oss alle. At Jesus bar Maria, sona hans, og vår alle si skuld ved sin sin død, og vi som er skuldige går fri.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar