tirsdag 7. april 2015

Og så, plutselig...

Brått og uventa kon meldinga om at ein god ven var gått bort. Med eit var livet endra for henne som hadde levd saman med han eit heilt liv, og for born, svigerborn og borneborn. Også venekrinsen fekk brått ein mindre. Når døden kjem på vitjing gjer det vondt for den og dei som vert råka, for døden set skilje i tid og rom frå den som stod ein nær, og var ein kjær. Det er godt å bere med seg dei gode minna frå tida og fellesskapet som var. For mi kjære og meg er det minne frå pilegrimsvegar, kor og ulike møteplassar her i heimbygda. Vi vil minnast hans gode humør, hans musikalitet og hans postive innstilling til sine medmenneske. Vi vil og minnast den kjærleik han bar på til si kjære og deira born. Men minna kan aldri erstatte den fysiske nærleiken vi hadde før døden kom på vitjing og tok han bort. Trass i sorg, saknad og vemod, vi har nett feira påskedagen til minne om lyset som rann over ei tom grav. Det fører ein stråle av lys inn i saknet, for påskemorgonen fortel at døden er ikkje det siste farvel, der lyser ei von inn i det tunge. Den  tome grava i Jerusalem fortel oss bak død og grav ligg der ein ny morgon, eit nytt liv og ventar. Då skal vi møtast att, vi som døden så sårt har skilt her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar