mandag 13. april 2015

Pannekaker

Eg har alltid hatt ei svakheit for pannekaker. I min barndom skulle dei alltid etast varme med sukker eller sirup til. Det  var vel ikkje det beste korkje for tenner eller helsa, men søtt skulle det vere. Seinare, når dei var kalde, var det gjerne sylyetøy eller brunost til dei. Men favoritten kom når det var slaktetid på gardane, og det kom blod i huset. Då steikte mi mor mørke blodpannekaker. Det var herlege saker. Seinare, i ungdomen kom eg på folkehøgskule, og med ein flokk konkuranseetande tenåringar var det ei nok ei prøving for kjøkenpersonalet å steike nok av pannekakene, sjølv om dei prøvde å stogge verste appetitten på førehand, med ertesuppe. Det var ikkje få pannekaker som gjekk med til dei mest storetne.  Under vandringane i Frankrike og Spania har eg undervegs og fått prøve dei lokale variantane. Crepes heiter dei der. Ein stad i Frankrike fekk eg jamvel to sorter pannekaker i same måltidet. Ei grov til hovudrett, og ei finare til dessert. Og ein stad oppe i fjella i Spania fekk vi dei servert nysteikte til frukost. Gode minne for ein pannekakeelskar. I dei seinare åra er det eg som har fått oppgåva å stå for steikinga av dei. Det kan til tider vere noko keisamt å greie å tøme rørebollen, men vert det mange nok av dei, så kan eg sjå fram til mange trivelege ettermål utover kvelden. Men ikkje så idag. Med tre pannekakesvoltne rundt meg kom kravet om ei pannekake til, raskare enn eg rakk å steike. Men slike opplevingar kjem vel inn under kategorien bestefarsgleder.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar