lørdag 18. april 2015

Så er det igang.

Det har, sidan mi kjære og eg flytta ned på grunnplanet,  ligge ei utfordring på meg. Ei utfordring som eg har skuva framfor meg og utsett i det lengste. Men etter sterkt press frå våre born var det til slutt ikkje til å kome forbi. Badet vi hadde nede på grunnplanet måtte renoverast. Det var ikkje til å utsette lenger. Så no, etter veker og månader med gjennomtenking og stadig endring i planane, er det endeleg i gang.  Eg byrja på arbeidet i går med å hive ut badekaret, og starta på slå opp golvplata. Og fekk merke at eg er nok ingen ungdom lenger.  Sjølv med godt verktøy til hjelp, gjekk det ikkje så fort. Men så, i dag,  dukka to av borneborna opp og overtok arbeidet, og dei hadde meir efekt enn morfaren. Det er godt å få hjelp av kyndige karar i arbeid ein kvir seg for. Og når dei tillegg har si utdanning i rørleggar og snekkarfaga, kan ein ikkje betre hjelp få. Så no trur eg mi kjære byrjar å sjå fram til eit nytt badrom, om ei tid.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar