søndag 5. april 2015

God påske!

Det vart ikkje ein solmorgon her i fjordbygda idag, slik det var i Jerusalem den morgonen kvinnene gjekk til grava for å sørge over sin ven. Men sorga vende seg brått til undring og glede for der ved grava vart dei møtt av ei brota forsegling, ein fråvelta gravstein og ein ung mann som fortalde at her ville dei ikkje finne sin avlidne ven for grava var tom. Meisteren deira hadde brote dødens  lekkjer og  stått opp til livet att.
Då skunda dei seg attende til byen for å finne dei andre og fortelje det dei hadde opplevd. Seinare på dagen fekk dei oppleve å møte han att, andlet til andlet. Det er vel kanskje ikkje så underleg at mange, både då og no, har vanskar med å tru det som hende den morgonen i Jerusalem, for det bryt med alle naturlover og det ein veit om døden si ubrytelege makt over all skapning. Men likevel, denne hendinga, om den bryt alt vi menneske har erfart om livet og døden sine realitetar, og om vi på alle måtar kan prøve å finne grunnar til å benekte at det hende, så er fortellinga om det kvinnene, og det mange etter dei har opplevd, vanskeleg å gå imot. Og utan denne hendinga, om den strider aldri så mykje mot alle naturlover, så hadde der ikkje vore noko grunnlag for ei kristentru. Hadde ikkje Kristus stått opp så hadde bodskapen vore tom og meiningslaus, seier Paulus. Men så held han fram;  Men no er Kristus oppstaden frå dei døde! Døden si makt er brota, og trua vår er ikkje meiningslaus og tom, for Kristus lever og vi skal leve ved Han! God Påske!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar