tirsdag 8. januar 2013

Slutt?

I april 2009 byrja eg å skrive på denne bloggen.  Og årsaka var at eg ynskte å fortelje om pilegrimsvandringa eg var med på å gå frå Le Puy en Velay. Ein liten by i Auvergne regionen, midt i Frankrike. Planen var å gå til Santiago de Compostela i Galisia, vest i Spania. Ei strekning på vel 1500 km. Vi byrja å gå i september 2007, og kom fram i september 2012.
Eg har på denne bloggen fortalt om denne vandringa, og knytt eigne foto til kvart skrivne stykke. Gjennom desse åra har  eg og skrive om mange andre opplevingar og ting eg har vore oppteken av, og alltid med eigne foto knytt til orda.
Men no synest slutten å vere komen. Sidan nyåret kom har det ikkje vore råd for meg å laste inn eigne foto på bloggen. Berre slike som kan hentast frå mobiltelefon eller frå verdsveven. Ikkje frå mitt eige private bildealbum. Og sidan mi skriving er så sterkt knytt til eigne foto, vil denne bloggen ende sine dagar no. Om ikkje dei som styrer bloggverktyet igjen opnar høvet for meg til på nytt å laste opp eigne foto.  Då kan den kanskje vakne til liv att.
Det har vore triveleg å ha denne ventilen ut frå heimen, og eg har hatt glede av å skrive mine små epistlar. Og det har vore hyggeleg å sjå at der ute har det vore nokre innom og lest orda mine.
Sidan det no ser ut til at slutten er komen for dei to bloggane mine,  "Vandrar, vegane fell så vide" og "Under solefallselden", takkar eg mine lesarar for fylgjet desse åra.
Lev vel.

1 kommentar:

  1. Det var no bra du skreiv Slutt med spørsmålsteikn etter. Bloggane dine har vore til stor glede, så du må ikkje slutte å skrive! Problemet med bilde lar seg vel ordne?

    SvarSlett