Det var visst bra eg sette spørsmålsteikn etter slutt, sist eg var her.
Då meinte eg, og trudde eg at no var det over med blogginga mi. Å legge bileta mine inn på Picasa ynskte eg ikkje, ville eg ikkje. Og kunne eg heller ikkje. Så då var det over då.
Men den gong ei. Eg har ein son som synte meg kor det skal gjerast, og som overtydde meg om at dette kan eg få til. Og då må eg vel berre trekkje attende mitt takk og farvel. I alle fall førebels. Så får eg sjå om det vert meir på desse to bloggane mine. Det er kanskje ei viss fåre for det. I alle fall slik framtida teiknar seg i dag.
Kor bra!
SvarSlettTja, det var no det då.
SvarSlett