fredag 25. januar 2013

Puerta del Perdon

Kvar gong den 25.juli - dagen for apostelen Jakob - fell på ein søndag er det eit heilagt år i Santiago de Compostela, og då vert ei stengde dør opna. Går ein då gjennom den døra så får ein tilgjeving for sine synder - om angeren er ekte eller ikkje.
Då vi  ifjor vandra inn i Santiago var døra stengd då 2012 ikkje var noko heilagt år.
Men det eg ikkje visste var at eg alt året før hadde vandra gjennom ei slik dør der pilegrimar på veg mot Santiago si grav kunne få tilgjeving for sine synder nå ein gjekk gjennom den. Og det sjølv om dei ikkje nådde fram til Santiago de Compostela.

Kvar den døra er? Jau, det er den andre porten, døra, inn til Basilika San Isidoro i Leon.
Puerta del Perdon heiter den. Tilgjevinga sin port.
Ikkje visste eg det, og ikkje kunne eg velge å la vere å gå igjennom den, om eg ville inn i basilikaen. Årsaka var at den andre døra, Lammet sin port, var stengd grunna restaureringsarbeid.
 
Puerta del Perdon har og to portvakter på sidene av døra. Men denne gongen er det ikkje to heilagmenn frå spansk jord, men Peter og Paulus. Peter med nøklane til himmelriket, og Paulus med ei bok i hendene.
 
Denne porten, og tympanumet over den, skal vere noko yngre enn hoveddøra Puerta del Cordon. Men begge er romanske portar.
Tympanumet på Puerta del Perdon har tre motiv henta frå hendingar etter Jesus sin død på krossen.
Det sentrale motivet er at Jesus vert teken ned frå krossen. Vi ser ei kvinne som held den eine handa hans, og ein mann som held kroppen medan den tredje held på å drage siste naglen laus med ei tang
Over svevar eit par englar med røykjelseskar og spreier velduft over dei.


Til høgre for nedtakinga frå krossen er vi komne fram til oppstoda frå død og grav. Vi ser ein engel som lyfter steinen frå grava, og dei tre kvinnene som gjekk til den for å stelle hans døde lekam, men som fann grava tom.
Det tredje motivet syner at Jesus vert lyft opp frå jorda att, og to englar som ser ut for å lyfte han opp.
 
Basilika San Isidoro fortel gjennom sine to tympanum over Puerta del Cordero og Puerta del Perdon dei sentrale fortellingane om kva som er grunnlaget i kristentrua, Grunnlaget for tilgjevinga og nåden som kom til oss gjennom Jesus Kristus sitt liv, død og oppstode. 

 
 
 


 

 
 

.
 

2 kommentarer:

  1. Det finst og ein Puerta del Perdon i Villafranca del Bierzo, på sida av kyrkja som ligg høgst. Døra var stengd dei to gongane eg var der før, og siste gongen GLØYMDE eg rett og slett at den var der. Truleg ingen Perdon for meg...

    SvarSlett
  2. Takk for opplysinga. Det var interessant. Eg måtte leite opp boka mi, og under Iglesia de Santiago står det at den kyrkja har ein Puerta del Perdon. Eg trur ikkje eg vitja den kyrkja under opphaldet i Villafranca del Bierzo. Kanskje eg må ta meg ei vandring til for å sjå alt det eg har gått forbi på førsta vandringa. Eg har då nokre år att til dei 80 enno. Men det spørst om eg får lov.

    SvarSlett