mandag 28. juni 2010

Skapinga. Mennesket

Eg ligg på sofaen ei sein kveldsstund.
Framfor meg lyser TV-skjermen.
Det er ein av desse populær-vitskaplege kanalane som er der med eit program om korleis jorda vart til.
Eg høyrer ein fortel om eit kvitt hol der ute.
(Det var nytt. Svarte hol har eg høyrt om før, men kvite hol er nytt for meg.)
Dei kvite hola støyter materien ut. Dei dreg den ikkje til seg som dei umettelige svarte hola.

Det er i desse kvite hola at alt startar, fortel stemma. Der har jorda, månen og planetane sitt opphav.
Ut frå desse kvite hola kom det ein meteorsverm inn mot den unge jorda. Og desse meteorane bar med seg spirane til livet.
Dei sette igong utviklinga av livet på jorda, slik evolusjonslæra har terpa på det i fleire generasjonar alt.

Eg ligg på sofaen og kjenner tvilen reise seg i meg.
Kan dei bevise dette, eller - er det reinspika tøv. Ein ny ide, spunne i hop i hjerna på ein eller annan forskar?

Job tvilte og på Gud og Guds makt, men ut av stormen høyrer han Gud sei:
"Kven er det som gjer mi rådgerd uklår med uklåre ord?
Spenn beltet om livet som ein mann! Så vil eg spørje deg, og du skal svare meg.
Kvar var du då eg grunnla jorda? Sei fram om du har skjøn."

Den andre dag. Glasmåleri frå St.Maria-kyrkja i Kjøpenhavn.

Ein ny kveld, og eit anna program fangar meg.
Nye bilete rullar over skjermen.
Denne gongen er det oss det gjeld.
Homo sapiens sapiens. Det oppreiste mennesket. Oss.
Vi er som menneske mellom 70-100.000 år gamle. Det har dei klart å bevise gjennom beinrestar.
Starten skjedde på sydspissen av Afrika.
Der levde nokre få individ av arta Homo sapiens.
Ein liten rest som hadde overlevd tørke og hungersnaud.
Og der, kva overlevde dei på?
På sjømat, Skjel, fisk, krabbar m.m. Og denne sjømaten, rik på omega 3 og 6, gjorde at hjerna deira byrja å vekse i storleik. Og ved det vart vi til.

Igjen undrast eg:
Kvifor har ikkje då dei menneske som i årtusen nesten berre har ete sjømat, ikkje vorte menneskerasen sin høgste og mest utvikla klasse?
Eller er det noko med teorien som går i tullball?
Er det igjen berre ein teori som dukka opp i ei forskarhjerne, men som det ikkje er råd å bevise?

Og dersom utviklingslæra stemmer, at vi stammer frå apene. Kvifor er det då framleis aper til?
Og kvifor lever det arter av liv i djupet, som ikkje har gått oppover evolusjonsstigen, men har stagnert på eit så tidleg utviklingstrinn?
Kanskje skapingssoga er like sann i sine grunndrag, som desse teoriane som ikkje kan bevisast?

Den sjette dag.

Der skulle vel aldri vere ein skapingsvilje bak det heile?
Ein Gud som; Eg vil - og så var det til?
Ein Gud som sa: "Lat oss skape mennesket i vårt bilete. I vår likning."
Så skapte Gud mennesket i sitt bilete. I Guds bilete skapte han dei. Til mann og kvinne skapte han dei.

Det er in å uttrykkje tvil på Gud og Guds eksistens, i vår tid.
Men er det mogeleg å uttrykkje tvil om sanninga i nokre av vår tids "vitskaplege" teoriar?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar