mandag 14. juni 2010

Runde

Det kom eit brev ein dag. Frå Helse Sunnmøre - Volda sjukehus.
Kva er det no? , var min første tanke.
Konvolutten viste seg å innhalde ei innbyding frå Hjarterehabiliteringa til ein tur på Rundefjellet.
Vi møtest på parkeringsplassern i Goksøyra, stod det.
Og i dag var dagen.
Eg har vore ein del plaga med dårleg pust og hoste i dei siste månadane, og særleg ille har det vore i gråvær.
Men Yr lovde bra vær, så eg var tidleg oppe å sjekka skyene.
Det såg lovande ut.
Men då eg drog, regna det godt.
Her er det best å snu for å ta med regnkle, fann eg ut - og snudde.
Men ikkje lenge etter dukka eg ned i Eiksundtunnelen, med regnklea liggande i baksetet.


Vel framme var mange alt komne - og fleire kom. Så vi var vel omlag 30-35 då vi byrja vandringa innover mot husa i Goksøyra.
Og været såg lovande ut.
Turen skulle gå frå husa og opp i skaret til venstre. Vidare opp på høgste toppen, før vi returnerte langs fjellkanten ned til granfeltet. Og så attende ned i Goksøyra.
Det teikna til å verte ein fin tur.
Og opp på desse fjella på nordenden av Runde hadde eg ikkje vore før.


Her er gjennom sesongen stor trafikk av fugleinteresserte opp frå Goksøyra, så på første stigninga av stien, var det lagt asfalt.
Men jammen var det brattare enn eg kunne hugse. Det kjendest på pusten.


Men etter første stigninga er over, flatar det litt ut. Og om ikkje lenge er vi framme på kanten av fuglefjellet.


Fjellet stuper bratt ned i sjøen her. Men fugl var det ikkje så veldig mykje av.
Men borte i floget ser vi eit parti der det er kvitt av fugl.
Og jammen ser vi og eit par personar som har teke seg ned lia, heilt ned til sjøkanten. Dei er vel ute etter nærbilete av fugl.


Sjølv er eg vel nøgd med det utsnittet telelinsa gjev meg.


Men turfylgje gjer som fuglen. Slår oss ned i grasbakken, under kanten av fjellet. I ly for vinden. Og nyt medførd mat og drikke, og utsikta til hav og øyar framfor oss. Og fuglefjellet bortanfor oss.


Storslegen utsikt sørover bygdene og øyane i Herøy.


Men rett under oss, bryt havdønningen mot klippene.


Desse sauene har lagt seg til i graset ved kanten av floget. Kanskje dei nyt utsikta nordover leia mot Ålesund og øyane lenger ute i horisonten.
Medan andre av flokken hoppa frå stein til stein nede i floget, på leit etter det grønaste graset.


Oppe på høgste pynten vert det oppstilling for gruppebilete, med storhavet som bakgrunn.
Ikkje alle er med her. Nokre avbraut før siste motbakkane. Andre er opptekne av å fotografere gruppa. Som eg.


Så er motbakkane over. Vi vender stega mot lavare lende.
Litt lenger nede ser vi husa ute ved Runde fyr dukke opp. Omkransa av bratte fjellet på ein sida, og havbåra som bryt mot stranda framfor dei.


Men stien vender seg ned lia mot Goksøyra og bilane som ventar på parkeringsplassen.

Regnkleda?
Eg bar dei med meg, men eg fekk ikkje bruk for dei mot regn.
Men jakka var god å finne mot litt kjøleg vind.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar