fredag 18. juni 2010

Den gamle kongevegen.

Eg les på Statens vegvesen sine prosjektsider, og i dag på Aftenposten nett, at vegvesenet har planar om å lage ein vandrarveg frå Øye i Valdres, over Filefjell og ned Lærdalen til Lærdalsøyri.
Planen er at den skal fylgje den gamle kongevegen over fjellet frå vest mot aust. Eller motsett.


Marmorsteinen som vart reist då Kongsvegen vart opna på 1700-talet. Den markerte skilje mellom Bergenhus Amt og Akerhus Amt.

Saman med min eldste bror gjekk eg mykje av strekninga frå Kyrkjestølen på Filefjell, over fjellet, og ned dalen til Lærdalsøyri i 2005. Det var for meg ei prøvevandring på kva det førde med seg å gå langt.
Eg rekna strekninga for å vere omlag 6 mil, og planla å bruke 2 dagar.
Det var for optimistisk. Sekken var for tung. Skorna ikkje egna for å gå mykje på asfalt, og etappene for lange.
Men det tok ikkje motet frå meg. Året etter var eg med på opningvandringa av pilegrimsvegen gjennom Valdres. Og i 2007 starta vi på vandringa mot Santiago de Compostela.


Vegen gjennom Vindhella.

Då i 2005 var det berre korte strekningar av Kongevegen som var open for vandring.
Over Filefjell til Maristova, og frå Borgund stavkyrkje over Vindhella og gjennom Galdane. Resten gjekk vi på Europavegen. Ikkje det heilt store.


Olavsklemma, ved inngangen (eller utgangen frå) til Galdane.

Men dette er det vegvesenet vil gjere noko med, slik at det vert ein samanhangande vandrarveg heilt frå Øye til Lærdalsøyri. Flott.
Vonar eg framleis er i alder og form til å gå den, når den eingong vert ferdig.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar