mandag 21. juni 2010

Skapinga. Gud.

I bibelgruppa eg er med i, dukka ein gong spørsmålet om skapinga opp.
Kva trur vi om forteljinga i 1.Mosebok om korleis Gud skapte verda og alt som høyrer med?
Tek vi den bokstaveleg, eller ser vi på den berre som ei legende?


Vi har i vår tid ei gruppe som står på ei bokstaveleg forståing av skapingssoga.
Så har vi ei anna gruppe som kallar seg kreasjonistar, som prøver å knyte trådar mellom skapingssoga og naturvitskapen.
Og så har vi ei tredje gruppe som legg grunnlaget i det naturvitskapen fortel, og seier at skapingssoga er gamle myter uten grunnlag i den verkelege verda. Desse siste ser heilt bort frå at skapinga har ei kjelde utanfor Big Bang, og hevdar at alt liv har si årsak i tilfeldigheiter.

Eg skal ikkje ta med noko av den etterfylgjande praten, men den førde til at eg på nytt måtte tenke igjennom kvar min ståstad er i spørsmålet om skapingssoga.

Eg klarer ikkje å sjå bort frå kva naturvitskapen fortel om jorda og utviklinga av livet på den.
Men eg finn ikkje at dette kolliderar med mi tru på at bak det heile ligg der ein skapingsvilje.
Ein kan kalle det ei kraft, ein person eller ein Gud.
Person synest eg er eit vanskeleg ord i denne samanhangen, for då tenkjer eg så lett i retning av eit menneske. For denne krafta, denne guden, er langt utanfor mi forstillingsevne.
Men om skapingssoga er ei forteljing som har vorte overlevert gjennom generasjonane, så finn eg likevel ikkje at den kolliderar med naturvitskapen sine forteljingar på ein slik måte at den kan avvisast som ei rein myte.


I skapingssoga er det for meg to ord som reiser seg som monumentale fjelltoppar over dei andre.
Det første er Gud, og det andre er mennesket.
I musikken er der eit omgrep som er kalla kontrapunkt. To tema som spelar mot kvarandre, og i samklang med kvarandre.
Eg opplever desse to orda; gud og menneske som kontrapunkt til kvarandre, både i skapingssoga spesielt, og i heile Bibelen si lange forteljing frå byrjing til slutt.

Medan naturvitskapen startar med Big Bang, så startar skapingssoga med det som var før BB, med Gud.
Gud er for meg opphavet, den kjelda, den krafta som var der før.
Gud er for meg den som trykte på startknappen og sette det heile i gang.


Skapingssoga fortel om ei tomt rom, eit mørkt rom, eit rom der kaos rår.
Men i dette romet kom Gud (Elohim).Guds Ande (Ruach) var der i mørkret over kaosvatnet.
Elohim og Ruach er ikkje særnamn som Per og Kari, men ord som fortel om ein eigenskap hos den som er bærar av ordet. Derfor fortel orda Gud og Guds Ande om ein eigenskap hos denne krafta, denne Gud som var der før alt. Før Gud sa; ”Det verte lys.” Og det vart lys.

På hebraisk er det ordet Shekinah som fortel om dette lyset frå Gud. Shekinah fortel også om ein eigenskap, og kan omsetjast med Guds herlegdom. Shekinah er eit feminint ord. Det vert tenkt som Guds kvinnelege del. Det vert ofte brukt i samband med eit lys eller ei flamme, ein eld. Shekinah fortel at Gud er tilstades.
Døme er den brennande tornebusken, eldstolpen som gjekk føre folket i øydemarka, Guds nærvær i tabernakel og tempel, og lyset over hyrdingane på Betlehemsmarka.
Det finst også andre ord for dette gudslyset. I Salomos ordtak kap.8 vert det kalla visdomen.
Johannes skriv om dette lyset i opninga av sitt evangelium, og koblar det då til Logos. Ordet. Som han igjen koblar til Gud gjennom Sonen, slik vi som kristne ser Gud som ein treeinig gud.
”I Han var liv, og livet var Lyset for menneska.”

Om skapinga starta med Big Bang , og om det tok millionar av år, og om det var ei gradvis utvikling og endring av livet frå ein sped start og fram til oss menneske. Så er ikkje det så viktig for meg.
For meg er det viktige at Gud var der først, og at Gud var den som sette det i gang, og at Gud er den som har styringa av det heile.
Framleis.

Den første dag i skapinga. Glasmåleri frå St. Maria-kyrkja i Kjøpenhamn. Biletet er henta frå Kristelig dagblad.

Uansett om det vert påpeika feil i fortellinga.
Uansett kva naturvitskapen evnar å forske fram.
Uansett om det ikkje er mogleg å finne Guds fotefar i det skapte, anna gjennom tru, så kan det heller ikkje provast at Gud er fråverande i skapingssoga..
Berre alt dette fantastisk flotte samspelet i det skapte, provar ein skapars vilje, og kan ikkje vere eit tilfeldigheitene sitt meinigslause sjangsespel.

Men eg kjem nok ikkje utanom trua.
Som Ivar Aasen skreiv: Nei, vesle vetet det strekk ikkje til. Ei tru må stydje opp under.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar