fredag 28. juli 2023

Rundt Lustrafjorden

Det var lettare å kome ned bakkane frå stavkyrkje enn det var for meg å gå dei opp, men vel nede ved bilen byrja turen inn sørsida av fjorden på smale og svingete vegar til Skjolden inne i fjordbotnen, og så ut at på nordsida på litt breiare og asfalterte vegar. Men bilførarar frå flatlandet i sørlegare land tykte visst dei var i smalaste laget likevel. Det vart ofte stogg på vegakanten for å sleppe møtande bilar forbi. 
Derfor tok vi ein liten pitstopp på Nes kyrkje så tyskaren fekk fare vidare i fred for oss.Og samstundes fekk vi sjå den skumkvite Feigumfossen falle ned fossejuvet på sørsida av fjorden. 
Lenger ute ligg Dale der Lustrabui lokkar til ein ny stogg med sine gode bakverk. Men Dale har meir som lokka meg. 
Den gamle steinkyrkja har eg vitja før, men når eg først var der så drogst eg mot kyrkja, og den var open og då steig eg inn for den flotte portalen og inn i det svale kyrkjeromet der eg fekk vere åleine.

Men vidare bar det, Gaupne og Marifjøra rulle vi forbi men oppe på høgda i Indre Hafslo svinga bilføraren av inn på ein smal og svingete  bygdaveg opp, opp gjenom lia. Opp til nokre gardar vi hadde sett i himmelsjå då vi tok ferga over til Ornes. Det var artigt å kome opp til gardane i Mollandsmarki der dei ligg på ei flate under fjellet Molden aust for dei. Og der var det eit vidt utsyn over fjord og fjell i indre Sogn.
Ein tur rundt Lustrafjorde er over. Attende på Kaupanger ser eg sola kaste sine siste strålar på Bleja sør om fjorden.
I morgon tek vi ein lenger rundtur til bygdene på sørsida. Der er det og nokre gamle kyrkjer eg gjerne vil vitje. 
Før vi endar i nok ei stavkyrkje til Olsokgudsteneste. Det skal verte moro for ein nyfiken kyrkjemann. Godt å ha ei som gjerne er bilførar og vegvisar.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar